Årets kortaste utflukt tek stad på torsdag når vi tek turen til Skodje. Begge laga har fått ein bra start på sesongen så dette blir ein skikkeleg toppkamp mellom nr. 2 og 3 på tabellen.
Norborg må gjere eit par endringar til denne kampen. Kristoffer Søviknes og Ruben Holmeset er ikkje med, medan Tarjei Urkedal, Magnus Jenssen og Jonas Holmeset er tilbake.
Skodje kjem frå ein oppløftande bortesiger over Herd2 etter at dei måtte sjå seg slått 0-5 heime for Guard runda før. Viktige Eivind Erstad var tilbake frå skade før sist kamp, og er den Norborg må sjå mest opp for.
Norborg har tidlegare hatt eit godt tak på Skodje. Etter årtusenskiftet har laga spelt i same divisjon tre gongar. På Skodje stadion har det enda med to sigrar til Norborg og ein uavgjort. Laga spelte også treningskamp i vinter. Den vann Norborg 4-1.
2012: Skodje – Norborg 2-4
2013: Skodje – Norborg 0-5
2016: Skodje – Norborg 1-1
Dommar: Jonny Dyb (Giske)
Assistentar: Matz Vik Giske (Herd) og Harald Ullahamar (Ellingsøy)

Det var “gamlekara” som sørga for måla då Norborg/Brattvåg2 vann 3-0 over Ellingsøy på Uggedal stadion torsdag kveld. Elling Mikal Kalvø, André Larsen og Kjell Terje Brusdal har alle gjort comeback på A-laget i år, og samtlege markerte seg i kveld med mål. Brusdal fekk sette inn 3-0 målet på straffe og avslutta dermed si måltørke på 193 A-kampar for Norborg. Vertane tok leiinga før to minutt var spelt då Elling Mikal Kalvø fekk tuppa ballen opp i nettaket etter ein corner. Norborg pressa på det neste kvarteret og kom seg til nokre gode sjansar utan resultat. Kampen gjekk so inn i ei blindgate med svak fotball frå begge lag. Norborg hadde god kontroll defensivt, men burde skapt meir offensivt. Minuttet før ordinær tid roa André Larsen nervane då han runda keeper og sette ballen i tomt mål. På overtid vart Ruben Holmeset felt av keeper og kaptein Brusdal fekk sette inn sitt første mål i den oransje trøya.
Under strålande tilhøve på den nyopprusta Fjørtoft stadion tok dei oransje med seg alle poenga tilbake til fastlandet. Det var lenge stillingskrig, men så scora Norborg/Brattvåg2 to mål på kort tid ved Kristoffer Søviknes og Magnus Austbø Seth. Fjørtoft la trykk på gjestane gjennom heile 2. omgang, men den oransje forsvarsmuren hadde god kontroll og let aldri heimelaget skape skikkeleg spenning.