Overgongsnytt

Vår toppscorar frå i vår, Robert Dulgheru, tok i sommar til på skule i Kristiansand og har no meldt overgong til 4. divisjonsklubben Vigør. Mohamad Erfan Bahrami som spelte for Norborg i vår har meldt overgong til Melhus. Dei har lag både i 2. 5. og 6. divisjon. Vi ønsker begge lykke til.

Norborg har også fått inn nye spelarar. Sander Rognsø Furstrand (25) og Hallvard Lunde Hofseth (25) har signerte frå Ørskog i august, medan den notoriske målgjeraren Johann Klokk Kjærstad (33) har signert frå Lepsøy. Velkomen skal dei vere.

Tarjei med jubileumsmål

Tarjei Gjerset Urkedal scora sitt 150. seriemål då Norborg møtte Rollon2 sist onsdag. Totalt med treningskampar og cup så har han 247 mål. Sjølve kampen var inga glede for Norborg som enda med 8-3 tap. Anders Toven og Marius Flem Stavik stod for dei to andre Norborg-måla. Tarjei sitt jubileumsmål kan du sjå her.

G16 vidare etter straffedrama

Ravn/Brattvåg/Norborg G16 er vidare til 16-delsfinale på Norway Cup etter å ha slått Haslum 5-4 etter straffesparkkonkurranse i kveld. Lukasz Anuszkiewics (t.h. på biletet – Emil Rørhus t.v.) vart den store helten med sine to strafferedninger. Laget vann alle sine tre kampar i gruppespelet med 2-1 over Nationalkameratene, 3-2 over Rustad/Abildsø og 3-1 over Halsnøy. I 16-delsfinalen venter ein ikkje heilt ukjent motstandar, nemleg HaNo/Harøy/Lepsøy. Kampen spelast torsdag kl. 1515.

Sølv og bronse på Øyacup

Årets Øyacup vart spelt denne laurdagen på Lepsøya der Norborg deltok med både dame- og herrelag. Damelaget spelte seg også i år fram til finalen etter 6-0 over Harøy og 2-1 over Fjørtoft2, men som i fjor vart Lepsøy for sterke i finalen og vann 6-2. HaNo vann bronsefinalen med 2-0 over Fjørtoft2.

Herrelaget måtte nøye seg med bronsefinale etter 1-0 tap for Harøy og 1-0 siger over Fjørtoft i gruppespelet. Sidan Fjørtoft vann 2-0 over Harøy endte alle laga med 3 poeng, men Fjørtoft gjekk til finalen grunna best målskilnad. Norborg vann bronsefinalen med 2-0 over HaNo. Fjørtoft vann herrefinalen med 2-1 over Lepsøy.

Dette blir motstandarane i haust

Etter at dei siste kampane i 6. divisjon vart spelt i går kveld er det klart at desse blir Norborg sine motstandarar i haustsesongen: Vanylven, Hareid2, Hasundgot2, Volda3, Sula, Ellingsøy, Vigra, Blindheim2, Herd2 og Rollon2.

Vanylven, Hareid2 og Hasundgot2 tok likt antall poeng i 6. divisjon avdeling 1 der Vanylven kom først grunna særs god målskilnad. Volda3 kneip den siste ståplassen framfor Vartdal på betre målskilnad.

I avdeling 2 var Sula suverene vinnarar med 28 poeng på 10 kampar. Ellingsøy, Vigra og Blindheim2 var omtrent jamgode på plassane bak og kom seg nokre poeng framfor eit Godøy-lag som viste for svak borteform til at dei får bli med vidare i 6. divisjon.