5. divisjon: 6. serierunde

Guard og Langevåg sparkar i gong den 6. serierunda i 5. divisjon på Color Line Stadion i kveld kl. 20. Guard overraska sist veke med ein 5-0 bortesiger over Skodje, medan Langevåg endeleg fekk smaken på tre poeng etter 5-1 over Stranda. Vi trur Langevåg fortsette å kjenne på den smaken. B.

Resten av runda spelast slik i morgon:

Herd2 – Skodje
Begge lag gjekk på tap i sist runde. Herd2 har ei målsetjing om å rykke opp og då har dei ikkje råd til å kaste bort poeng mot den antatte middelhavsfarar Skodje. Skodje slit med å score mål etter at Eivind Erstad vart skada, og er ikkje han tilbake mot Herd2, så blir det ein grei H.

Volda2 – Fjørtoft
Volda2 ligg etter vår meining, kunstig høgt oppe på tabellen med sin 3. plass. Må unnvere keeper Lasse Strand Gule denne gong sidan han fekk raudt kort sist. Gjestane frå Fjørtoft må unnvere Jan Tore Fjørtoft, som unødvendig drog på seg raudt kort på overtid mot Norborg. Viser Fjørtoft same innsats som sist, så bør poeng absolutt vere innan rekkevidde, men i utgangspunktet så tippar vi H.

Blindheim – Sæbø
Topp mot botn. Blindheim er eit jamt over betre lag enn Sæbø. Blindheim er rundas klaraste favoritt. H.

Stranda – Hovdebygda
Stranda gjekk på ein 5-1 smell mot Langevåg sist. Eit lag som dagens motstandar feide av bana med 5-0. Det har likevel ikkje noko å seie for denne kampen. Stranda er gjerrige heime, men slit med å score mål. Det gjer ikkje Hovdebygda, som har divisjonens toppscorar, Daniel Reza Malakzadeh på topp. Med sine 7 mål har han scora meir enn Stranda. Vi trur på ein jamn kamp og trur mest på poengdeling. U.