Norborg sitt herrelag avslutta sesongen med å slå tetlaget Herd2 med 2-1 på Uggedal KGB onsdag kveld. Resultatet gjorde at Sula smatt forbi Herd2 på tabellen og vart krinsmeistrar i 6. divisjon. Norborg scora to mål etter corner midtvegs i 1. omgang. Tarjei Gjerset Urkedal gjorde 1-0 med karrieras 249. mål etter forabeid av Tobias Remme Jensen. Like etter sette Tobias sjølv inn 2-0 med hovudet etter corner av Robert Dulgheru. Gjestane reduserte fem minutt ut i 2. omgang på straffe, men Norborg haldt unna og tok ein fin skalp i serieavslutninga.

