Spjelkavik – Norborg/Brattvåg/Harøy 6-2 (1-0)
G19 1. divisjon, Spjelkavik KGB, 11.06.2018
1-0 Jens Dybdal (3)
2-0 Kristian Tennfjord Engås (47)
2-1 Magnus Austbø Seth (49)
2-2 Markus Sønderland Hurlen (58)
3-2 Kristian Grande (65)
4-2 Erik Florvaag (73)
5-2 Kristian Grande (77)
6-2 Hajrs Salih (86)
Då Markus Hurlen utlikna til 2-2 ein halvtime før slutt, var det få som trudde det skulle bli stortap for dei anleiinga gule frå Haram. Men Spjelkavik sette inn ein skikkeleg sluttspurt og scora fire i løpet av dei siste tjuefem. Les meir

Norborg/Brattvåg2 tok ein viktig 3-2 siger over Langevåg på Uggedal stadion torsdag kveld. Heimelaget var best før pause og kunne gå til pause med 3-1 leiing etter at Langevåg scora først. Etter kvila fekk vi sjå ein rotete omgang der Langevåg var hakket best. Etter ei tidleg redusering verka Norborg å ha kontroll defensivt, men i løpet av sluttminutta var gjestane nær utlikning ved tre høve. Heldigvis fekk keeper og forsvar rydda unna så poenga vart verande i Uggedalen. Magnus Austbø Seth (2) og Elling Mikal Kalvø scora Norborg sine mål.
Nikolai Jensen (18) har vore satt ut av spel sidan påska med eit trøyttleiksbrot i foten. I midten av mai fjerna han gipsen og har sidan vore til opptrening. No er endeleg dagen komen der han er med i kamptroppen for første gong i årets 5. divisjon. – Nikolai er aktuell frå start i kveldens kamp mot Langevåg, seier trenar Søviknes om sin treningsivrige spelar.


