Nyheiter

Ravn/Norborg/Brattvåg J13 sikra bronse i Hessa Cup

Ravn/Norborg/Brattvåg J13 leverte ei imponerande helg under Hessa Cup til tross for kort varsel då dei stilte for eit lag som trekte seg i siste liten. 

Sporty som dei er, stilte dei opp med ein fin miks av jenter frå dei tre klubbane. Det var tydeleg at dei ikkje hadde teke turen berre for det gode utvalet i kiosken, som var godt på nivå med ein klassisk Mix kiosk. På fotballbana hadde dei heilt andre planar.

Første kamp gjekk mot vertane SIF/Hessa, og jentene brukte ikkje lang tid på å vise kva dei var komne for. Med godt spel, energi og målteft fekk dei fart på turneringa og gav seg ikkje før det stod 4–1 på resultattavla.

Neste utfordring var Guard/Rollon, eit av dei beste J13-laga i regionen. Her blei det langt jamnare. Jentene stod opp i duellane og gav motstandaren kamp heilt inn, men måtte til slutt sjå seg slått 2–0 i ein tett og tøff kamp.

Med A-sluttspelet i sikte venta Fron i den siste gruppespelkampen. Fron var eit nytt bekjentskap for alle, og dei gav jentene god motstand. Men etter kvart fekk Ravn/Norborg/Brattvåg meir og meir kontroll, og ein 1–0-siger sikra plassen i A-sluttspelet.

Så var det klart for kvartfinale – og der venta IL Valder.

No var det alvor. Jentene tok tak i kampen og leverte ein sterk prestasjon. Tre mål seinare var det ingen tvil: 3–0 til Ravn/Norborg/Brattvåg, og billetten til semifinalen var sikra!

I semifinalen venta Eid IL. Eid gjekk offensivt til verks og pressa framover gjennom store delar av kampen. Jentene måtte verkeleg jobbe for kvar einaste ball, og dei gav alt dei hadde. Til slutt blei det eit knepent 1–0-tap.

Dermed enda eventyret med ein flott bronseplass i Hessa Cup. 🥉

For ein gjeng – og for ein prestasjon! ⚽️

-Lagleiar Camilla Krogsethagen-

Tarjei med jubileumsmål

Tarjei Gjerset Urkedal scora sitt 150. seriemål då Norborg møtte Rollon2 sist onsdag. Totalt med treningskampar og cup så har han 247 mål. Sjølve kampen var inga glede for Norborg som enda med 8-3 tap. Anders Toven og Marius Flem Stavik stod for dei to andre Norborg-måla. Tarjei sitt jubileumsmål kan du sjå her.

Høstkampene har startet for A-laget

A-laget startet høstens 6.div forrige onsdag med bortekamp mot Hasundgot. Det ble en jevn kamp men Norborg hadde et bra overtak i andre omgang. Likevel ble det et surt tap 0-1 etter en tidlig scoring i først omgang, men mye bra å ta med seg til onsdagens heimekamp mot Hareid 2.  Uggedalen 19.08.26 kl 18.30

G16 ute etter straffekonk mot Sogndal

Etter å ha slått HaNo/Harøy/Lepsøy på straffekonkurranse i 16-delsfinalen i går, vart det i dag tidleg diverre tap på straffekonkurranse for Sogndal etter 0-0 i ordinær tid. Vi gratulerer med ein sterk innsats på Norway Cup.

G16 vidare etter straffedrama

Ravn/Brattvåg/Norborg G16 er vidare til 16-delsfinale på Norway Cup etter å ha slått Haslum 5-4 etter straffesparkkonkurranse i kveld. Lukasz Anuszkiewics (t.h. på biletet – Emil Rørhus t.v.) vart den store helten med sine to strafferedninger. Laget vann alle sine tre kampar i gruppespelet med 2-1 over Nationalkameratene, 3-2 over Rustad/Abildsø og 3-1 over Halsnøy. I 16-delsfinalen venter ein ikkje heilt ukjent motstandar, nemleg HaNo/Harøy/Lepsøy. Kampen spelast torsdag kl. 1515.

Sølv og bronse på Øyacup

Årets Øyacup vart spelt denne laurdagen på Lepsøya der Norborg deltok med både dame- og herrelag. Damelaget spelte seg også i år fram til finalen etter 6-0 over Harøy og 2-1 over Fjørtoft2, men som i fjor vart Lepsøy for sterke i finalen og vann 6-2. HaNo vann bronsefinalen med 2-0 over Fjørtoft2.

Herrelaget måtte nøye seg med bronsefinale etter 1-0 tap for Harøy og 1-0 siger over Fjørtoft i gruppespelet. Sidan Fjørtoft vann 2-0 over Harøy endte alle laga med 3 poeng, men Fjørtoft gjekk til finalen grunna best målskilnad. Norborg vann bronsefinalen med 2-0 over HaNo. Fjørtoft vann herrefinalen med 2-1 over Lepsøy.

Terminlista for hausten har kome

Terminlista for 6. divisjon vart denne veka offentleggjort. Norborg startar med bortekmap mot Hasundgot2 onsdag 12. august, medan første heimekamp blir veka etter mot Hareid2. Ein avsluttar sesongen heime mot Herdd2 28. oktober. Det er også klart at Vartdal har kome inn i divisjonen i staden for Volda3.
Terminlista.

Dette blir motstandarane i haust

Etter at dei siste kampane i 6. divisjon vart spelt i går kveld er det klart at desse blir Norborg sine motstandarar i haustsesongen: Vanylven, Hareid2, Hasundgot2, Volda3, Sula, Ellingsøy, Vigra, Blindheim2, Herd2 og Rollon2.

Vanylven, Hareid2 og Hasundgot2 tok likt antall poeng i 6. divisjon avdeling 1 der Vanylven kom først grunna særs god målskilnad. Volda3 kneip den siste ståplassen framfor Vartdal på betre målskilnad.

I avdeling 2 var Sula suverene vinnarar med 28 poeng på 10 kampar. Ellingsøy, Vigra og Blindheim2 var omtrent jamgode på plassane bak og kom seg nokre poeng framfor eit Godøy-lag som viste for svak borteform til at dei får bli med vidare i 6. divisjon.

Sponsorar:

Hendelser i august 2026

mandag tirsdag onsdag torsdag fredag lørdag søndag
27. juli 2026
28. juli 2026
29. juli 2026
30. juli 2026
31. juli 2026
1. august 2026
2. august 2026
3. august 2026
4. august 2026
5. august 2026
6. august 2026
7. august 2026
8. august 2026
9. august 2026
10. august 2026
11. august 2026
12. august 2026
13. august 2026
14. august 2026
15. august 2026
16. august 2026
17. august 2026
18. august 2026
19. august 2026
20. august 2026
21. august 2026
22. august 2026
23. august 2026
24. august 2026
25. august 2026
26. august 2026
27. august 2026
28. august 2026
29. august 2026
30. august 2026
31. august 2026
1. september 2026
2. september 2026
3. september 2026
4. september 2026
5. september 2026
6. september 2026