Nyheiter Damer

Vann over Skodje

Brattvåg/Norborg sitt damelag vann 6-3 over Skodje på Uggedal KGB måndag ettermiddag. Fride Lianes ga heimelaget leiinga, men Skodje snudde til 1-2 med to raske like før pause. I 2. omgang fungerte alt mykje betre for Brattvåg/Norborg og mål av Vibecke Krogsæter, Zascha Clausen og Emma Sofie Kvammen sørga for 4-2 leiing før Skodje reduserte […]


Posted in Nyheiter Damer

|

Kommentarer er skrudd av for Vann over Skodje

Damekamp i Uggedalen måndag kl. 17

For første gong sidan 2011 blir det spelt fotballkamp for damer i Uggedalen. Brattvåg og Norborg slo seg i vinter saman og meldte på eit lag i 4. divisjon. Laget vann serieopninga med 7-0 borte mot Vigra og er favorittar når ein møter Skodje på Uggedal KGB måndag kl. 17.


Posted in Nyheiter Damer

|

Kommentarer er skrudd av for Damekamp i Uggedalen måndag kl. 17

Øyacup 2019: 2. plass til damene

Norborg sitt damelag spelte seg fram til finalen av Øyacup for første gong i historia. I finalen vart diverre arrangørlaget HaNo for sterke. På biletet frå venstre: Tuva Bjørbekk, Martina Grytten, Anna Mikalsen, Yvonne Engeset Remme, Heidi Remmereit, Anette Rogne, Elisabeth Pilskog, Gabrielle Kar, Silje Søvik og Heidi Haram. Lepsøy – Norborg 0-4 Mål: Gabrielle […]


Posted in Nyheiter Damer

|

Kommentarer er skrudd av for Øyacup 2019: 2. plass til damene

Siger og tap i bronsefinalane for Norborg!

Under strålande tilhøve så gjekk arrangørlaget Harøy til topps i dameklassa og Lepsøy i herreklassa på årets Øyacup. Norborg vann bronsefinalen i herreklassa med 6-0 over HaNo, medan damene tapte bronsefinalen 1-6 for Lepsøy. Eit lag damene vann 6-5 over i gruppespelet. Det er for øvreg første gong sidan 2011 at Norborg spelar ein damekamp. […]


Posted in Nyheiter Damer, Nyheiter Herrer A

|

Kommentarer er skrudd av for Siger og tap i bronsefinalane for Norborg!

Norborg deltek på Øyacup!

Norborg deltek med både dame- og herrelag under årets Øyacup på Harøya laurdag 7. juli. I både dame- og herreklassa er Harøy, HaNo og Lepsøy motstandere. Kampane i dameklassa spelast som 7-ar fotball, medan det er 11-ar for herrer. Kampane varer i 2×20 min.


Posted in Nyheiter Damer, Nyheiter Herrer A

|

Kommentarer er skrudd av for Norborg deltek på Øyacup!

Fotballtrening for damer på tysdagar kl. 20

Norborg har ikkje damelag med i serien, men ei gruppe damer har i 2018 starta med treningar tysdagar kl. 20 til 2130 på Uggedal kunstgras. Alle damer er velkomen for ei fotballøkt. Interesserte kan også søke opp gruppa deira på facebook; Norborg Damelag.


Posted in Nyheiter Damer

|

Kommentarer er skrudd av for Fotballtrening for damer på tysdagar kl. 20