Perfekt start av juniorane


Juniorfotballen ruller og Brattvåg/Norborg/Harøy har fått ein perfekt start i 1. divisjon med full poengpott på dei to første kampane. Etter å ha vunne 5-2 over Blindheim sist måndag, sende ein Ørsta/Hovdebygda heim med 7-3 tap i kveld. Per Kristian Grytten Søvik og Per Kristian Helle Hildre sørga for 2-0 den første halvtimen, men gjestane kom ajour med to raske før pause. I 2. omgang viste vertane seg som klart best og gav seg ikkje før det stod 7-3. Helle Hildre scora to mål i denne omgangen. Det same gjorde Erlend Blø, som kom frå Midsund tidlegare i månaden. Eirik Koppen Vågnes scora eitt.
Tabell