Poengdeling i Ørsta

Ørsta og Norborg/Brattvåg2 delte poenga i kveldens 4. divisjonskamp. Ørsta tok leiinga eit kvarter ut i kampen ved Evan Dyrhol Aambø, medan Henrik Otterlei Hurlen utlikna fem minutt før slutt. Vi kjem tilbake med meir om kampen i løpet av helga.

Vos redda poenget i thriller

Norborg/Brattvåg2 låg under 1-3 og hadde lite å by på fram til Jesper Vos entra bana i 4. divisjonskampen mot Hovdebygda. Dryge tjue minutt seinare hadde han både skaffa straffespark og scora sjølv, og sikra dermed 3-3 og eit viktig poeng mot botnrivalen. Igor Leonov opna scoringsballet i denne underhaldande kampen då han banka ballen i nota etter ein dødball. Fem minutt seinare stod Norborg sitt forsvar å søv då Bjørnar Holen dunka ballen i bakrom frå eigen 16 meter fram til John Hjorthol, som sprang frå forsvaret og sette ballen sikkert bak keeper. Nokre minutt før pause scora Holen sjølv på eit frispark som nok keeper tek i 9 av 10 tilfeller. Knappe ti minutt etter pause aukar Jonas Tafjord til 1-3, og heimelaget sine spelarar heng med hovudet. Etter kvart som omgangen går så er det lite som tilseie at Norborg skal kome tilbake i kampen. Hovdebygda verkar å ha kontroll, men så startar ting å skje. Thomas Aarsund sette inn 2-3 på straffe og så reddar altså Vos poenget med sitt mål etter dødball. Hovdebygda hadde ein gedigen sjanse på overtid til å få med seg alle poenga, men då redda keeper Ronald Olsen meisterleg med venstrefoten.
Kampreferat

Heimekamp mot Hovdebygda fredag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek imot Hovdebygda på Uggedal stadion fredag kl. 1830. Hovdebygda har funne forma med to strake sigrar etter å ha starta med 6 tap. Heimelaget har vist sviktande form i det siste med tre strake tap. Vi håper du tek turen og støttar laget til ein etterlengta siger.

Tapte i sluttminutta

Norborg/Brattvåg2 stod med 6 strake bortesigrar over Hareid, men i kveldens kamp måtte ein sjå seg slått 2-1. Martin Fylling Koch ga dei oransje leiinga etter ein dryg time, men Kristoffer Stranden og den tidlegare Lillestrøm-keeperen Arnold Otieno Origi (søskenbarnet til Liverpool-helt Divock Origi) snudde kampen i løpet av dei ti siste minutta. Dermed står Norborg med tre strake tap og har fått botnlaga opp i ryggen.

Fortent tap mot Langevåg

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått heile 0-4 av Langevåg torsdag kveld. Gjestane fekk ein perfekt start då Håkon Sværen scora eitt og eit halvt minutt ut i kampen. Like før pause dobla Eirik Hurlen leiinga på straffe i ein sjansemessig jamn omgang. Norborg yppa seg i starten av 2. omgang, men kom ikkje nærmare enn eit stolpeskot av Thomas Whalen. Mot slutten rakna heimelaget og Langevåg scora to mål. Først ved Ask Veddegjerde på eit skot utanfor 16 meteren, så på volley av Hurlen etter frispark. Fortent siger til gjestane, men i største laget etter spel og sjansar.
Kampreferat.