Tatt av vinden

Norborg/Brattvåg2 – Tomrefjord 1-2 (1-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 28.03.2019

1-0 Jesper Vos (20)
1-1 Søberg (str. 43)
1-2 Søberg (63)

Med vinden i ryggen hadde heimelaget eit lite initiativ før pause, men greidde ikkje å utnytte dette til fulle. Ein vart for upresis på siste tredjedelen til å skape det heilt store. Jesper Vos gav Norborg føringa då han plukka opp ballen etter ein duell mellom Seth og ein forsvarar. Åleine med keeper scora Vos sikkert. Like før pause var Tomrefjord på ein sjeldan visitt i Norborg sin 16 meter og fekk full uttelling i form av straffespark og påfølgjande scoring. Etter pause hadde Tomrefjord eit lite initiativ i kampen og avgjorde med ei scoring i det 63. minutt då Søberg fekk stå heilt åleine på 10 meter. Norborg skapte eit par sjansar også etter pause, men hadde ikkje marginane med seg. Tomrefjord var eit rutinert og godt lag, så slettes ikkje gale av NB2 å berre tape 1-2, samt vere på høgde spelemessig i store delar av kampen.

Benjamin Rørhus (Sander Arntsen, 46) – Anders Toven (Marius Fylling Rogne, 35), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Ole Johan Urke (Tobias Jensen, 46) – Vidar Nilsen Rogne (Per Kristian Helle Hildre, 71), Gard Rogne, Nikolai Jensen, Eirik Vågnes – Jesper Vos, Magnus Austbø Seth.

Treningskamp mot Tomrefjord torsdag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kveld imot Tomrefjord til treningskamp på Uggedal KGB. Tomrefjord tok i fjor ein flott 3. plass i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal så her får våre gutar verkeleg testa forma. Sist Norborg spelte mot Tomrefjord var vinteren 2017. Då vann Norborg 2-1 etter to mål av Magnus Austbø Seth.

Sigersrekka broten på Åndalsnes

Åndalsnes – Norborg/Brattvåg2 7-4 (6-2)
Treningskamp, Øran stadion, 22.03.2019

Sjansar: 10-15

0-1 Fredrik Hurlen (8)
1-1 (10)
1-2 Fredrik Hurlen (16)
2-2 (30)
3-2 (32)
4-2 (39)
5-2 (40)
6-2 (44)
7-2 (46)
7-3 Tor Abelseth (48)
7-4 Ruben Holmeset (74)

Etter 10 månadar utan tap gjekk Norborg/BIL2 på ein smell mot Åndalsnes. Heile 7-4 vann heimelaget etter 6-2 ved pause. Fredrik Hurlen gav dei oransje leiinga to gongar, men romsdalingane var effektive framfor mål og snudde kampen. Tor Abelseth og Ruben Holmeset scora Norborg sine mål etter kvila. Vi kjem tilbake til kven som scora det andre målet, samt lagoppstilling.

Trenar Kristian Søviknes rapporterer om ein merkeleg kamp. – Vi kjøre kampen fullstendig dei første 25 og burde ha leia med 2-3 mål. Så scora dei på alt i ein periode der dei fekk det for lett. Etter pause er vi best frå dei scora 7-2 målet i opningsminuttet til kampens slutt. Vi produserte veldig mykje, men sleit med uttellinga. Åndalsnes har ein del gode spelarar offensivt med god fart og ein sterk spiss, mens det er meir blanda defensivt. Sjølve resultatet er ikkje det viktigaste i ein treningskamp og vi fekk alt i alt eit veldig godt utbytte av denne kampen.

Laget: Sander Arntsen – Marius Fylling Rogne (Tobias, Jensen, 60), Tor Abelseth, Anders Toven, Per Kristian Søvik – Ole Johan Urke (Eirik Vågnes, 46), Nikolai Jensen, Gard Rogne, Magnus Jensen (Ruben Holmeset, 35) – Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 46), Magnus Austbø Seth.

Treningskamp mot Åndalsnes

Norborg/Brattvåg2 skal i helga ha ei sosial samling på Bjorli. På turen til vintersportssenteret stoppar ein på Øran stadion for å spele treningskamp mot Åndalsnes kl. 1830. Det tidlegare 1. divisjonslaget kom i fjor på 5. plass i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal. Norborg møtte Åndalsnes i 2011 og tapte då 0-3 på Uggedal KGB i ein kamp som var prega av sterk vind.

Hittil i vinter har Norborg/Brattvåg2 vunne alle sine fem kampar og har totalt spelt 22 kampar utan tap sidan mai 2018.

Av dei kampane vi har registrert har vi har satt opp eit par uhøgtidlege treningskamptabellar.
Totalt:

Treningskampar 4. divisjonslag innbyrdes:

Calisto blir trenar i Norborg

Pedro Calisto vart tysdag tilsett som keeper-/assistenttrenar i Norborg/Brattvåg2. Pedro har dei siste åra vore keepertrenar i Brattvåg, men har også erfaring frå Portugal. Han kjenner både Benjamin Rørhus og Sander Arntsen godt gjennom sitt arbeid i Brattvåg. Ronald Søvik Olsen vil også slutte seg til Norborg sin stall når han kjem heim frå Bergen i mai. Pedro vil dermed ha ei god gruppe målvakter å trene. Norborg-trenar Kristian Søviknes har mangla ein assistent etter at Øyvind Sundnes takka nei til eitt nytt år. Vi er dermed glade for å få fylt begge rollene med Pedro og ønsker han velkomen til klubben, seie Norborg si sportslege leiing.

 

.

Seth hat-trick gav ny siger

Norborg/Brattvåg2 – Emblem 3-2 (2-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 07.03.2019

1-0 Magnus Austbø Seth (str. 18)
1-1 ? (28)
2-1 Seth (43)
2-2 ? (70)
3-2 Seth (86)

Norborg/BIL2 vann sin femte strake treningskamp då Emblem vart sendt heim med 3-2 i sekken. Totalt har oransjetrøyene spelt 22 kampar utan tap sidan ein vart slått 3-1 av Skodje den 31. mai.

Måla kom slik:
1-0: Straffe etter at Nikolai Jensen vart lagt i bakken. Seth sette straffa i mål.
1-1: Utlikninga kom på ei heading som gjekk i boge over keeper frå 14 meter.
2-1: Innlegg frå høgre, Seth brysta ballen opp til seg sjølv og heada i mål.

Det var eit enormt press av heimelaget i starten av andre og ein burde putta 2-3 mål, men i staden var det Emblem som utlikna tjue minutt før slutt etter at eit svakt utspel enda med skot i mål.
3-2: Vågnes dreg av ein mann sentralt og trer opp til Seth i mellomrommet som vender å sette ballen i lengste fra 16.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Benjamin Rørhus, 60), Nikolai Jensen, Anders Toven, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne, Ole Johan Urke (Vidar Nilsen Rogne, 60), Siver Davik (Eirik Vågnes, 65), Gard Rogne, Magnus Jenssen (Ruben Holmeset, 65), Fredrik Hurlen (Jesper Vos, 40), Magnus Austbø Seth.

Treningskamp mot Emblem

Norborg/Brattvåg2 spelar sin femte treningskamp for året når Emblem gjestar Uggedal KGB torsdag kl. 19. Norborg har i tur og orden slått Harøy, Skodje, Blindheim og Aksla, men får nok ei tøffare nøtt å knekke når Emblem kjem. Eit lag som tok ein flott 3. plass i fjorårets 4. divisjon og har slått lag som Herd og Ørsta i vinter. Det blir spennande å sjå korleis Norborg/BIL2 ligg an mot eit av divisjonens beste lag sju veker før seriestart.

Fotballskule i veke 27

Norborg sin fotballskule blir i år haldt i veke 27 (1. til 5. juli) på Uggedal KGB.

ALDER 7-14 ÅR

Leiar for fotballskulen blir Matias Mork Vateødegård, samt instruktørar frå Juniorlaget.

Matias (21) kjem frå Vatne og studerer til dagleg i Volda. Han har spelt på Norborg sitt A-lag og er ein særs teknisk spelar med god speleforståing. Så her er det berre å melde på den håpefulle for fotballundervisning og fotball leik av øvste klasse.

PÅMELDINGSFRIST 5. JUNI 2019.

Plassen er sikra når betaling er registrert. Betalingsfrist: 12. juni 2019.

Klubbhuset vil vere opent frå kl. 08.00 – 15.00 med leiarar til stades.

Pris kr 1.000,- inkludert lunsj og fruktmåltid.

Pris for søsken (barn nr. 2, 3 -) er kr 750,-. pr. barn.

Betaling til kontonr.: 3910.43.08744

Påmelding til norborg.fotball@norborg.com