Norborg/Brattvåg2 – Ellingsøy 3-0 (1-0)

Norborg/Brattvåg2 – Ellingsøy 3-0 (1-0)
5. divisjon, Uggedal stadion, 24.05.2018

Sjansar: 10-3
Cornere: 7-3

1-0 Elling Mikal Kalvø (2)
2-0 André Larsen (89)
3-0 Kjell Terje Brusdal (str. 90+4)

Norborg var det beste laget, men etter den tidlege leiinga, sleit ein med å få til god angrepsfotball. Ellingsøy hadde lite å by på offensivt, men så lenge stillinga 1-0 stod seg, så var det spenning. På slutten auka Norborg to gongar og sørga for at resultatet gav eit riktig bilete av kampen.

Norborg gjekk offensivt til verks og spelte god fotball det første kvarteret. Magnus Austbø Seth var frampå allereie i opningsminuttet, men Ellingsøy fekk klarert til corner. Den slo Ole Johan Urke til Tor Abelseth på bakarste stolpe. Han heada ballen tilbake framfor mål der Elling Mikal Kalvø fekk tuppa ballen opp i nettaket til 1-0. Norborg hadde fleire sjansar til å auke leiinga dei komande minutta. Nærmast var Kristoffer Søviknes då han måtte sjå avslutninga si bli redda av ein medspelar på strek.

Etter det gode opningskvarteret fall intensiteten i Norborg sitt spel. Defensivt hadde ein likevel god kontroll mot eit tannlaust Ellingsøy. Ikkje før minuttet på overtid vart det skapt noko farleg framfor keeper Joakim Kjærstad sitt mål.

Etter kvila fortsette Norborg å vere det beste laget, men sleit med å få til eit godt sluttprodukt. Både Jesper Vos, Magnus Seth og Gard Rogne hadde sjansen til å sette inn Norborg sitt andre mål med mislukkast. I staden var det André Larsen som roa nervane på Uggedal stadion då han scora sitt første A-mål for Norborg på fem år. Han snappa opp ei heading frå ein motspelar, runda keeper og sette ballen i tomt mål. På overtid vart Ruben Holmeset felt av keeper innafor 16 meteren. Dommar peika korrekt på straffemerket. Kaptein Kjell Terje Brusdal tok ansvar frå kritmerket å sette inn si første scoring for Norborg. 3-0, og fortent siger til Norborg/Brattvåg2.

Neste kamp for Norborg/Brattvåg2 er borte mot Skodje torsdag 31. mai kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad – Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Ole Johan Urke (Anders Toven, 82) – Jesper Vos (Vidar Nilsen Rogne, 61), Gard Rogne, Kristoffer Søviknes, Ådne Hellandsvik – Per-Stian Alvestad (André Larsen, 67), Magnus Austbø Seth (Ruben Holmeset, 90).