To tapte poeng

Norborg/Brattvåg2 sløste med sjansane i kveldens kamp mot SIF/Hessa og måtte i nok ein heimekamp gå av bana utan siger. Denne gong vart det 2-2. Martin Koch klinka inn 1-0 frå 18 meter tretten minutt ut i kampen. Gleda varte ikkje lenge for Gaute Kvalsvik heada inn utlikning fire minutt seinare før same mann klinka inn 1-2 frå 30 meter kvarteret før pause. Like før pause utlikna Tobias Jensen til 2-2. Etter pause hadde Norborg dei fleste klare målsjansane og både Magnus Otterlei, Erlend Blø og Martin Koch burde ha avgjort kampen.
Kampreferat.

Heimekamp mot SIF/Hessa onsdag kl. 1815

Norborg/Brattvåg2 tek onsdag imot SIF/Hessa på Uggedal stadion til årets siste graskamp. Norborg har vist solid borteform med 6-2 over Emblem og 6-4 over Blindheim i sine to siste kampar. No gjeld det å finne denne forma også på heimebane. Møt opp for å sjå om det blir game, set, match til Norborg.

Storsiger i botnkampen

Norborg/Brattvåg2 banka botnkollega Emblem 2-6 på Ebbemyra sist torsdag. Norborg var effektive og gode før pause og leia 4-0. Emblem gjorde ein betre 2. omgang, men kunne ikkje hindre at dei oransje leia 6-0 før det vart pynting på resultat mot slutten. Magnus Otterlei var kampen sin store spelar med tre mål. Henrik Hurlen laga det viktige førstemålet to minutt ut i kampen, medan Erlend Blø scora sitt første mål i den oransje trøya. Martin Koch gjorde sitt 7. mål for året før han gjekk av bana til pause og gjorde plass til Tarjei Gjerset Urkedal sitt comeback på sin 40-årsdag. Urkedal spelte sist gong i oktober 2018.
Kampreferat.

Bergsøy vart for sterke

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 0-3 av Bergsøy på Uggedal stadion fredag kveld. Gjestane var best før pause og leia 0-2 etter mål av Daniel Arnfinnson (41 min) og Daniel Kvalsvik (45). Heimelaget starta best etter pause, men det var Bergsøy som gjorde 0-3 ved Enrique Crespo Søvik (52 min). Norborg skapte fleire store sjansar, men greidde aldri å få nettsus. Ei heller på straffespark like før slutt.
Kampreferat.