Sesonginnspurten i 5. divisjon

Fire runder gjenstår i 5. divisjon, og slik ståda er no så er det i botnen spenninga er størst med fire lag som kjempar om to ledige plassar. I toppen er det meir sjø mellom båtane. Norborg/Brattvåg2 har festa eit solid grep med sine 8 strake sigrar, medan Blindheim har plukka nok poeng til å halde Langevåg på avstand. Langevåg skal møte både Norborg/BIL2 og Blindheim på heimebane og kan skape spenning med sigrar her, men det spørs om det er nok til å kome seg opp på opprykksplass. Vi har sett på laga sitt gjenståande kampprogram.
Les meir

Hausttabellen

Norborg/Brattvåg2 har feid unna all motstand etter sommarferien og leiar sjølvsagt hausttabellen for 5. divisjon. På torsdag møter ein lag nr. 2 på denne tabellen, Langevåg. Den gamle storklubben frå Sula har fått fart på skuta etter ein skuffande vår der laget låg på 6. plass. Fjørtoft har også vist god form i haust og er det 4. beste laget, men gjorde det særs vanskeleg for seg sjølve med å ikkje vinne ein einaste kamp i vår. Stranda og Skodje var i opprykksstrid før sommaren med 3. og 4. plass, men har gjort det svakt i haust.

LagKSUTForMot+/-P
Norborg/BIL211101063115231
Langevåg1181241103125
Blindheim1180344133124
Herd21161426111519
Volda2115152229-716
Fjørtoft115062139-1615
Skodje114251930-1114
Hovdebygda113262536-1111
Stranda113172430-610
Ellingsøy113171833-1510
Guard113171950-3110
Sæbø112182656-307

Hadde det løye med Skøye!


Dei oransje fortsette sin sigersmarsj i 5. divisjon då nabo Skodje vart satt på plass med 8-0. Heimelaget gjekk voldsomt ut og leia 3-0 før kvarteret var spelt. Etter dette var det meir variabelt, men med 4-0 like før pause var kampen punktert. Skodje hadde sine sjansar, men det var likevel heilt greitt at Norborg/BIL2 vann med 8 mål. Sidan Langevåg vann 1-0 over Herd2 er ikkje opprykket heilt sikra, men med 9 poeng og 35 mål å gå på framfor dei fire siste så ser det veldig lyst ut. Nettopp Langevåg er motstandar neste torsdag. Det ligg an til ein ellevill kamp i Langevåg når divisjonens to formlag møtast.
Les meir..

Andre resultat:
Guard – Hovdebygda 3-1 (spelt onsdag)
Både Guard og Hovdebygda fortsette å overraske. Dei fleste trudde nok på ein komfortabel bortesiger, men Joakim Bendal ville det annleis å scora tre mål. Han er no oppe i 16 mål totalt.  
Herd2 – Langevåg 0-1
Herd2 stod med tre strake sigrar, men måtte sjå seg slått av opprykksjagande Langevåg og er dermed stadig i botnstrid med begge bein. Peter Beite Dyb vart matchvinnar 13 minutt ut i 2. omgang.
Blindheim – Fjørtoft 6-2
Det gjekk som venta, men Fjørtoft gav Blindheim eit lite sjokk då dei utlikna til 1-1 25 minutt ut i kampen.
Stranda – Sæbø 3-2
Stranda leia 3-0 like før slutt, men Sæbø skapte nerver med to raske før overtida starta.
Volda2 – Ellingsøy 1-2
Ellingsøy stod med berre 1 poeng på dei 4 siste, men overraska med ein viktig bortesiger mot normalt heimesterke Volda2. Amund Rongve sine to mål gir Ellingsøy pusterom i botnstriden.
Tabell

Norborg topper Fair Play-tabellen

Fem runder før slutt topper Norborg/Brattvåg2 fair play-tabellen med sine 13 gule kort på 17 kampar. Det er eitt mindre enn Blindheim. I den andre enden finn vi Stranda og Guard med 30 og 29 gule kort. Sæbø er laget som sankar flest raude kort med 4. Vi har satt saman ein fair play-tabell der vi gir 1 poeng for gult kort og 3 poeng for raudt kort.

LagGuleRaudePoeng
Norborg/BIL218018
Blindheim19019
Herd222125
Volda222125
Langevåg27027
Ellingsøy29132
Skodje29132
Fjørtoft27233
Hovdebygda34034
Stranda31134
Guard31237
Sæbø28440

Heimekamp mot Skodje torsdag kl. 1830

Torsdag er det klart for Norborg/BIL2 sitt tredje strake lokaloppgjer når Skodje tek turen til Uggedalen. Fjørtoft og Ellingsøy har blitt slått med solide siffer og gitt dei oransje eit særs godt utgangspunkt før sesonginnspurten, men oppgåva blir nok langt tøffare når gultrøyene frå nabokommuna kjem på besøk. Norborg har ein særs god statistikk mot Skodje, men i vår måtte ein sjå seg slått for første gong på over 30 år. Torsdagens møte er for øvreg det tjuande seriemøtet mellom klubbane sidan Norborg debuterte i 1968.
Les meir

Kosa seg på feil side av Grytafjorden


Norborg/BIL2 leika seg til ein ny storsiger då Ellingsøy vart slått under flotte tilhøve på Nes stadion. Magnus Austbø Seth var kampens store spelar med fire mål og tre målgjevande, men sjølv om det vart mange mål både på han og laget, så kunne det med litt marginar blitt langt meir. Dette var Norborg sin sjuande strake siger. Noko som er ny klubbrekord.
Les meir..

Andre resultat:
Sæbø – Blindheim 0-10. Blindheim har dermed 20-0 samanlagt på to kampar mot Sæbø.
Langevåg – Guard 8-1
Skodje – Herd2 0-2
Hovdebygda – Stranda 5-4
Tabell

Bortekamp mot Ellingsøy torsdag kl. 1830

Torsdag er det klart for eit nytt lokalderby for Norborg/Brattvåg2 når ein tek turen over Grytafjorden for å møte Ellingsøy. Det er faktisk 13 år sidan sist Norborg spelte seriekamp på Nes stadion. Den gong enda det med 8-1 siger til dei oransje. Norborg blir også favorittar denne gong, men Ellingsøy er gjerrige heime og har ikkje tapt ein heimekamp sidan mai.

Då laga møttes i vår vann Norborg 3-0, men dei to siste måla kom først i sluttminutta. Norborg sleit då med å få til god angrepsfotball mot det fysisk robuste laget frå Ellingsøy. Marius Hagen er gultrøyene sin toppscorar med 5 mål på 8 kampar. Han har ein småpen statistikk på 35 mål på 51 kampar dei siste fem sesongane. Elles ser vi at tidlegare Norborg-spelar Denis Sjåstad har spelt dei to siste kampane.

Norborg sparte spelarar som Tor Abelseth og Nikolai Jensen frå start i sist kamp grunna skader tidlegare i veka. Det er venta at begge desse er aktuelle frå start denne gong. Siver Davik og Lars Mikalsen var ikkje med sist, men er tilbake i troppen no og erstatter Thomas Aarsund og Vidar Nilsen Rogne.

Dommar: Daniel Refsnes (Herd)
Assistentar: Øyvind Kringstad (Valder) og Viktor Lillebø Rongve (SIF/Hessa)

Andre kampar:
Hovdebygda – Stranda
Vi trur det blir jamt, men at Hovdebygda til slutt er sterkast og knip sigeren mot tabellnaboen. H.

Langevåg – Guard
Langevåg må truleg vinne dei seks siste for å rykke opp. Guard bør vere ei enkel oppgåve. H.

Skodje – Herd2
Så lenge Skodje slepp å føre kampen så blir det poeng. U.

Sæbø – Blindheim
Dårleg fangst hittil for Blindheim på Søre Sunnmøre, men her blir det tre poeng. B.

Fjørtoft – Volda2 (laurdag).
Rutine mot ungdom. Poengdeling. U.

Heimelaget best i Uggedalen

Norborg/Brattvåg2 stanga lenge mot Fjørtoft, men ei forløysande scoring like før pause av Vegard Sætre la grunnlaget til ein ny storsiger. Dei oransje avgjorde kampen med tidlege mål etter pause og ga seg ikkje før halvdusinet. I sluttminutta var det stor strekk i begge lag og Fjørtoft fekk pynte på resultatet med to mål. Ein fortent 6-2 siger til Norborg/BIL2 på ein litt sløv dag.
Les meir..

Andre resultat:
Volda2 – Blindheim 2-1. Overraskande resultat i Volda. Blindheim med to strake tap og er no 4 poeng bak Norborg.
Herd2 – Ellingsøy 1-0. Herd2 puster Ellingsøy i nakken i kampen om 8. plassen, som kan bli viktig.
Hovdebygda – Sæbø 6-1. Hovdebygda er med å kjemper om 3. plassen etter ein ny siger.
Stranda – Langevåg 0-5. Kan Langevåg likevel karre til seg eit opprykk? 5 poeng bak Blindheim med 6 kampar igjen.
Tabell

Lokaloppgjer mot Fjørtoft torsdag kl. 18

Torsdag kl. 18 er det klart for årets andre kommunederby når Fjørtoft gjestar Uggedalen til seriekamp for første gong på tjue år. Utgangspunkta for laga er vidt forskjellig med Norborg/BIL2 i toppen av tabellen og Fjørtoft i tøff botnstrid.

Norborg tok ein viktig siger over Blindheim sist og står no med fem strake sigrar. Det er ein bak klubbrekorden frå 2013. Norborg måtte sjå Tor Abelseth bli skada like før pause i sist kamp. Tida vil vise om han rekk denne kampen. André Larsen er stadig skadd og kjem nok ikkje til å spele fleire kampar i år. Anders Toven var borte sist grunna jobb, men er tilbake til denne kampen.

Fjørtoft har vist seg frå ei god side etter sommaren og tatt 9 av 12 mogelege poeng, men i sist kamp var det tynn suppe med 0-5 for botnrival Herd2. Mangla då blant anna toppscorar Vegard Nybø, Aleksander Håskjold, Skjalg Volstad og Odd Øyvind Fjørtoft. Kjem nok med ein betre tropp til Uggedalen på torsdag.

Dommar: Richard Olsen (Åmdal)
Assistentar: Harald Ullahamar (Ellingsøy) og Zenun Murati (Giske)

Det vil bli sal av grillmat frå kl. 17 til 18. Så møt tidleg opp og ta middagen i Uggedalen.