Etter at dei siste kampane i 6. divisjon vart spelt i går kveld er det klart at desse blir Norborg sine motstandarar i haustsesongen: Vanylven, Hareid2, Hasundgot2, Volda3, Sula, Ellingsøy, Vigra, Blindheim2, Herd2 og Rollon2.
Vanylven, Hareid2 og Hasundgot2 tok likt antall poeng i 6. divisjon avdeling 1 der Vanylven kom først grunna særs god målskilnad. Volda3 kneip den siste ståplassen framfor Vartdal på betre målskilnad.
I avdeling 2 var Sula suverene vinnarar med 28 poeng på 10 kampar. Ellingsøy, Vigra og Blindheim2 var omtrent jamgode på plassane bak og kom seg nokre poeng framfor eit Godøy-lag som viste for svak borteform til at dei får bli med vidare i 6. divisjon.


Norborg fekk ein god seriestart då Guard vart sendt heim frå Uggedalen med 3-0 i sekken. Etter ein svak 1. omgang der Guard var nærmast mål kom dei oransje ned frå gjerdet og dominerte etter pause. Dryge ti minutt ut i omgangen sette Robert Dulgheru sikkert inn årets første seriemål etter forarbeid av Niklas Rekdal. Eit kvarter seinare dobla same mann leiinga då han tok med seg ballen inn frå venstre, finta bort eit par mann og klinka ballen i nota oppe ved vinkelen med “feil” fot frå 20 meter. Fem minutt før slutt var midtstoppar Tobias Jensen i driblehumør då han tok med seg ballen frå eigen halvdel og opp i Guard sin 16 meter. Der fann han Norborg-debutant Eirik Skarbø som sette ballen i nota frå 12-13 meter til 3-0. På biletet ser vi 2-målsscorar Robert Dulgheru, trenar Thomas Gjerde og Eirik Remen Skarbø, som vart speleklar for Norborg i går og debuterte med mål i dag.