Open dag på stadion!

Laurdag 14.oktober blir der open dag på Uggedal Stadion!

Det er eit heilt gratis arrangement som er opent for alle. Om ein vil spele fotball med familien, venar eller
berre for seg sjølv kan ein kome. Det blir utlån av ballar frå klokka 12 til klokka 14. Her er inga begrensing i alder.
Det er heller ingen påmelding, så kom som du er.

Vi håpar du tar med deg nokon du kjenner, og blir med på ein leiken dag med fotball. Det kan hende det blir kiosk!

Er det nokon som ynskjar å begynne med organisert fotball no, eller etter den opne dagen, må ein berre ta kontakt med
leiar Lena Toven (402 37 404), eller trenarrettleiar Marius Koch Rogne (481 00 098).

Hærverk på lift i Uggedalen

Mellom laurdagskvelden 29. juli og laurdag morgon 19. august har nokon gjort hærverk på liften som står på Uggedal stadion. Nokon har tømt svart tetningsstoff ned i koblinga på joysticken som ein brukar til å kjøre liften. Visst nokon har sett eller høyrt om nokon som har vore nær liften så vil vi gjerne høyre om det. Ta kontakt med Roar Korsnes om du har info, tlf. 982 83 787.

Årsmøte IL Norborg 2019

Norborg hadde torsdag kveld årsmøte. Valkomiteen har gjort ein god jobb og fått på plass frivillege i alle posisjonar for 2019.

Hovudstyre:
Leiar: Per Gunnar Søvik
Kasserar/Økonomiansvarleg/Nestleiar: Anders Toven
Sekretær: Kamilla Grande (ny)
Styremedlem: Liv Valaker + leiarar frå undergrupper.
Vara: Tarjei Gjerset Urkedal

Trimgruppa:
Kenneth Gamlem, Linda Johansen, Elisabeth Stavik, Ingunn Gamlemshaug, Fredrik Furnes (ny), Håvard Grytten (ny), Tonje Nogva (ny), Camilla Johansen (ny)

Fotballgruppa:
Leiar: Lena Toven
Kasserar: Henning Sandbakk
Sekretær: Monica Søvik
Sportsleg leiar: André Larsen (ny)
Leiar aldersbestemt: Tarjei Gjerset Urkedal
Dommarkontakt: Bjarte Jensen
Baneansvarleg: Endre Kalvø
Anleggsgruppe/baneansvarleg: Frank Olav Lausund, Stian Urkedal, Knut-André Knoff Strand, Frode Urke (vara)
Økonomigruppa: Lina Kiserauskiene (ny), Ciprian Ghioc, Stella Abongwa (ny), Turid Volstad, Susanna Løvold (kiosk).

Sponsorgruppa: Per Gunnar Søvik, Nina Hildre, Kenneth Gamlem, Marius Dulgheru.

Programblad: Frode Stormyr Engeset (ny)

Valkomité: Arve Toven, Tove Vambeseth, Bjarte Jensen (vara)

Materialforvaltar: Arve Grande (ny), Jostein Witsø (ny)

Revisorar: Daniel Brusdal (ny), Børt Tore Marthinussen.

Badmintongruppa har vi i skrivande stund ikkje fått oversikt over.

Dugnad i Uggedalen


Norborg hadde fredag ugrasdugnad på Uggedal stadion. Nedanfor finn du eit knippe bilete.

 

Inngår samarbeid med Brattvåg

Norborg og Brattvåg inngår samarbeid om lag i både 5. divisjon og i G19 1. divisjon. Norborg måtte som kjent ta turen ned frå 4. divisjon i haust og har i heile 2017 hatt få reine A-lagsspelarar. Då Brattvåg for nokre veker sidan gjekk ut og sa dei ønska seg ein samarbeidsklubb på Nordre Sunnmøre var Norborg raskt frampå. Samtalane var særs positive og ein stiller dermed eit lag i 5. divisjon som vil heite Norborg/Brattvåg2. Laget sine kampar vil spelast i Uggedalen. Samtalane førte også fram til eit felles juniorlag. Norborg har i dei to siste sesongane samarbeidd med Ravn og Harøy og gjort det særs sterkt med to pallplassar. Harøy vil framleis vere med på samarbeidet, medan Ravn truleg vil stille eige lag i 6. divisjon og ikkje vere med på juniorsamarbeidet. Heimekampane til juniorlaget vil vere likt fordelt mellom Norborg og Brattvåg.

Vi håper og trur at samarbeidet vil vere fruktbart for klubbane og bidra til eit solid tilbud til alle. Du kan lese meir om samarbeidet i Nordre.

5. divisjon: Forslag til terminliste

Forslag til terminliste for 5. divisjon har no kome frå Sunnmøre Fotballkrets. Seriestart ligg an til å bli 12. april, medan siste runde er sett opp 25. oktober.

1 2018-04-12 18.30 Norborg Herd 2
2 2018-04-19 18.30 Sæbø Norborg
3 2018-04-26 18.30 Volda 2 Norborg
4 2018-05-03 18.30 Norborg Blindheim
5 2018-05-16 18.30 Fjørtoft Norborg
6 2018-05-24 18.30 Norborg Ellingsøy
7 2018-05-31 18.30 Skodje Norborg
8 2018-06-07 18.30 Norborg Langevåg
9 2018-06-14 18.30 Hovdebygda Norborg
10 2018-06-21 18.30 Norborg Stranda
11 2018-06-28 18.30 Guard Norborg
12 2018-08-16 18.30 Herd 2 Norborg
13 2018-08-23 18.30 Norborg Sæbø
14 2018-08-30 18.30 Norborg Volda 2
15 2018-09-06 18.30 Blindheim Norborg
16 2018-09-13 18.30 Norborg Fjørtoft
17 2018-09-20 18.30 Ellingsøy Norborg
18 2018-09-27 18.30 Norborg Skodje
19 2018-10-04 18.30 Langevåg Norborg
20 2018-10-11 18.30 Norborg Hovdebygda
21 2018-10-18 18.30 Stranda Norborg
22 2018-10-25 18.30 Norborg Guard