Redda poenget mot Rollon


Norborg/Brattvåg2 – Rollon 2-2 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 29.05.2019

Sjansar: 4-9
Cornere: 2-5
Avslutningar på mål: 3-7
Avslutningar utanfor: 3-4
Blokkerte avslutningar: 2-1

1-0 Magnus Austbø Seth (40)
2-0 Magnus Austbø Seth (58)
2-1 Daniel Gjerde (60)
2-2 Andreas Blindheim (str. 66)

Magnus Austbø Seth trudde nok han hadde avgjort kampen då han sette inn 2-0 etter pause, men Rollon gav ikkje opp, scora to raske mål og var nærmast sigeren sjølv om mange hevdar heimelaget vart snytt for straffe på overtid då Per-Stian Alvestad vart dratt i bakken. Likevel, Norborg/Brattvåg2 skal vere nøgd med poenget i ein kamp ein ikkje greidde å fram finspelet. På biletet ser vi stopparkjempen Anders Giske Hagen, som vi føler har stått å heada ut ballen sidan Rollon vart stifta i 1914.
Les meir..

Heimekamp mot Rollon onsdag kl. 1830

Onsdag kveld tek Norborg/Brattvåg2 imot Rollon på Uggedal stadion. Våre gutar har fått ein flott start på sesongen og er med i tetstriden når 5 runder er spelt. Rollon sin sesongstart har ikkje vore like velduftande. Til det har det blitt litt for mange poengdelingar for laget mange spådde som Bergsøy sin tøffaste utfordrar. Med berre 6 poeng så begynne laget frå Larsgården å få kniven på strupen. Likevel, vi reknar Rollon som den tøffaste nøtta å knekke i Uggedalen denne våren. Laget har mange rutinerte og gode spelarar som keeper Per Espen Thorsen, Anders Giske Hagen, Jonas Nordal og Daniel Gjerde. Det er berre eit tidsspørsmål før dei vaknar, men vi håper våre gutar kan gi dei eit lite mareritt før det skjer.

Norborg vil truleg stille med omtrent same mannskap som i sist kamp mot Emblem, men av dei som starta så vil Nikolai Jensen vere borte grunna jobb. Ruben Holmeset vil heller ikkje vere med, medan Magnus Jenssen risikerer å måtte stå over grunna skade. Kristoffer Søviknes vil vere tilgjengeleg etter å ha stått over grunna sjukdom sist.

Rollon er det laget Norborg har møtt flest gongar sidan tusenårsskiftet. Dei har også hatt eit godt tak på våre gutar og vi må tilbake til 2012 for å finne sist Norborg-siger. Totalt har laga møttest 22 gongar. Det har enda med 14 sigrar til Rollon, 5 til Norborg og 3 uavgjorte. Målskilnad 47-63.

Dommar: Martin Javier Solheim (Emblem)
Assistentar: Kristoffer Nevstad (Aksla) og Ole Petter Stenberg (Sunnylven)

Andre kampar:
Bergsøy – Emblem (onsdag) H
Larsnes/Gursken – SIF/Hessa (tor) H
Valder – Blindheim (tor) H
Hareid – Ørsta (fre) U
Hødd2 – Volda (mån) B

Sette Emblem på plass!

Emblem – Norborg/Brattvåg2 2-5 (1-3)
4. divisjon, Emblem stadion, 23.05.2019

Sjansar: 5-15
Cornere: 8-6

0-1 Magnus Austbø Seth (10)
1-1 Marcus Steffensen (27)
1-2 Ådne Hellandsvik (29) (video: Ådne scorer mot Emblem)
1-3 Magnus Austbø Seth (31)
1-4 Magnus Ansok Jenssen (57)
1-5 Magnus Ansok Jenssen (59)
2-5 Damian Alin-Constantin (73)

Heimelaget Emblem stod med tre strake sigrar, men Norborg/Brattvåg2 stoppa den sigersrekka og vann heile 5-2.  Norborg.com var ikkje på stadion, men skal få ein rapport frå trenaren i løpet av kvelden.

-Sterk bortekamp. Vi er solide defensivt, skaper mykje offensivt og vi gjer ein ny solid innsats over heile fjøla. Etter at vi bruker dei første 15-20 min på å bli vant til underlaget så er vi solide kampen ut. Sigeren er aldri trua etter at vi sett inn 3-1, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Les meir..

Bortekamp mot Emblem torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Ebbemyra for å møte formlaget Emblem. Heimelaget har den siste veka hatt fine dagar på Ytre-Søre med 9-3 samanlagt over Larsnes/Gursken og Hødd2. Det ligg dermed an til ei spennande utfordring for Norborg, som naturleg nok ikkje vil ha med seg A-lagsspelarar frå Brattvåg sidan dei er inne i ei tøff periode med eit surt 1-2 tap eeo. for Kristiansund i kveld, og kamp mot den gamle storklubben Fredrikstad på laurdag. Likevel, gutane med treningskvardag i Uggedalen viste sist veke at ein kan spele jamt med dei beste i 4. divisjon då det vart 1-1 mot Valder.
Les meir

4. divisjon: Emblem banka Hødd2

I den utsatte kampen mellom Hødd2 og Emblem vann bortelaget heile 1-4 etter 0-1 ved pause. Hødd2 utlikna i 2. omgang, men i sluttminutta scora Damian Alin-Constantin 3 mål. Emblem fauk då opp på 3. plass på tabellen før møtet med Norborg/Brattvåg2 på torsdag.

Når alle laga har spelt fire kampar så er stillinga i vår tabellkonkurranse denne:

Fotballens kveld i Uggedalen!


Onsdag inviterte Norborg til “fotballen sin kveld” i Uggedalen. Det vart nemleg spelt heile tre kampar denne kvelden. A-laget tok imot Valder på grasbana, medan Jenter 10 tok imot Brattvåg og Jenter 14 tok imot Hareid. I J14 kampen låg Norborg under 1-4, men snudde til 5-4 siger og har med det vunne 2 av 3 kampar.

Bilete frå Jenter 14 Norborg – Hareid.
Bilete frå Jenter 10 Norborg – Brattvåg.
Bilete frå herrekampen Norborg – Valder.