Heimekamp mot Bergsøy fredag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek fredag kl. 1830 imot Bergsøy på Uggedal KGB. Gjestane frå Fosnavåg har ikkje vist seg frå si beste side i dei siste kampane, men dette blir ein tøff kamp for dei oransje. Historisk er Bergsøy eit lag ein slit voldsomt mot. Ni strake tap har det blitt sidan 2-0 sigeren i mai 2008.

Troppen seiast å bli omtrent som sist fredags kamp mot Hareid, men Ådne Hellandsvik er ute for resten av sesongen etter å ha blitt skada i ein uoffisiell kamp mellom Grytastranda og Søvik sist helg. I tillegg har Gard Rogne vore sjuk den siste veka. Ulrik Havnsund er tilbake på laget etter å ha måtta stått over sist.

Dommar: Kristoffer Nevstad (Aksla)
Assistentar: Jonny Dyb (Giske) og Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)

4. divisjon torsdag:

SIF/Hessa – Valder 3-1
Larsnes/Gursken – Emblem 6-1

Siger nummer 400!

Sigeren over Hareid var Norborg sin siger nummer 400 sidan ein kom inn i seriesystemet i 1968. Den første sigeren kom 24. august 1968 då ein vann 4-2 borte mot Skodje.

Siger nr. 100: 1982, ukjent motstandar.
Siger nr. 200: 10. august 1998, 1-0 heime mot Fiskerstranda.
Siger nr. 300: 11. oktober 2008, 9-0 heime mot Gursken/Larsnes.
Siger nr. 400: 24. september 2021, 2-1 borte mot Hareid.

Totalt: 992 kampar, 400 sigrar, 171 uavgjorte, 421 tap. Målskilnad: 2224 – 2126.

Tre viktige poeng mot Hareid

Hareid – Norborg/Brattvåg2 1-2 (1-1)
4. divisjon, Hareidsmyrane KGB, 24.09.2021

1-0 Petter Haddal Worren (6)
1-1 Thomas Aarsund (str. 15)
1-2 Eirik Koppen Vågnes (61)

Norborg/Brattvåg2 vann det viktige botnoppgjeret mot Hareid med 1-2. Det starta dårleg då Petter Worren ga heimelaget ei tidleg leiing, men for første gong sidan ein sist møtte Hareid den 25. oktober 2019, snudde Norborg/BIL2 ein kamp. Thomas Aarsund sørga for balanse i rekneskapen med sitt straffemål eit kvarter ut i kampen. Eit kvarter ut i 2. omgang vart Eirik Koppen Vågnes helten då han sende oransjetrøyene i føringa. Eit resultat som stod seg kampen ut. Norborg/BIL2 kom seg dermed over nedrykksstreken.
Les meir..

Kjempa lenge tappert mot Hødd2

Norborg/Brattvåg2 – Hødd2 1-4 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 17.09.2021

0-1 Tobias Pettersen Hatløy (71)
0-2 Andreas Hofset Televik (78)
0-3 Vegard Håheim-Elveseter (84)
0-4 Tobias Pettersen Hatløy (86)
1-4 Eirik Koppen Vågnes (90)

Norborg/Brattvåg2 haldt lenge liv i kampen, men i dei siste tjue minutta sa Hødd2 takk for følgje og scora heile fire gongar før Eirik Vågnes gav heimelaget eit trøystemål då han vart frispelt av David Sissoko. – Vi møtte eit godt lag frå Ulsteinvik. Dei var særs aggressive i sitt presspel og let oss aldri få tid og rom til å bygge opp spelet. Vi er likevel bra med i starten av kvar omgang, men mot slutten av kampen går vi opp i liminga etter å ha blitt kverna møre av god motstand, sa trenar Kristian Søviknes.

Dette var Norborg/Brattvåg2 sitt femte strake tap, men ein har framleis eit godt håp om å redde plassen med fem kampar igjen å spele. To av kampane går heime mot tøff motstand (Bergsøy og Rollon), medan dei tre bortekampane er mot botnkollegaer. På fredag står bortekamp mot Hareid for tur. Dette er den første av tre “cupfinalar” ein bør vinne, og i alle fall unngå å tape. Valder og Emblem er dei to andre bortekampane. Truleg må ein ha sju poeng på desse kampane for å ha rett til å spele i 4. divisjon.

Laget: Sander Arntsen – Per Kristian Helle Hildre, Tor Abelseth, Ulrik Havnsund, Jesper Vos (Magnus Otterlei, 89) – Eirik Vågnes, Ådne Hellandsvik, Thomas Aarsund (Anders Toven, 76), Igor Leonovs – David Sissoko, Martin Fylling Koch (Per Kristian Søvik, 72).

Fekk det tøft mot Herd

Norborg/Brattvåg2 – Herd 1-5 (1-2)
4. divisjon, Uggedal stadion, 10.09.2021

Sjansar: 2-8
Cornere: 2-5

1-0 Jeppe Mogensen (str. 19)
1-1 Kheirulla Ahmadzai (35)
1-2 Kristian Klokk Flovik (43)
1-3 Eirik Skjelten Dalhus (52)
1-4 Kheirullah Ahmadzai (67)
1-5 Erlend Nicolai Fjeldstad (str. 84)

Norborg/Brattvåg2 stilte sitt sterkaste lag for sesongen, men fekk det etter kvart tøft mot divisjonens beste lag. Det starta godt då David Sissoko vart lagt i bakken innanfor 16 meteren og Jeppe Mogensen sette det påfølgjande straffesparket i mål. Omgangen var jamn og intensiv, men inn mot pause straffa Herd to personlege feil hos heimelaget knallhardt med to mål. Dermed var den ønska og nødvendige leiinga inn mot pause rota vekk. Etter pause hadde Herd god kontroll og vann til slutt komfortable 1-5. Det skal nemnast at Norborg/Brattvåg2 starta 2. omgang med 5 juniorar og avslutta med 9 utan at Herd skapte så mange fleire klare målsjansar enn det dei scorte på.
Les meir..

Heimekamp mot Herd kl. 18

Norborg/Brattvåg2 spelar fredag kl. 18 heimekamp mot 4. divisjon sitt tetlag Herd. Heimelaget stiller med eit spennande lag som vi trur skal gi Herd hard kamp om poenga. Treningskampen i sommar enda med 2-3 tap. Kan vi snu siffera denne gong? Møt opp å sjå.

Dommar: Bertil Holen (Guard)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Jørgen Eriksen (Fron)

Andre kampar:
Valder – Langevåg 3-0
Hareid – Hovdebygda
Bergsøy – Larsnes/Gursken
Rollon – Emblem
Hødd2 – SIF/Hessa