Opprinnelse

Bygdekampen var ein årleg fotballkamp mellom Grytastranda og Søvik i perioden 2001 og 2013. I åra etter vart det haldt kampar mellom Norborg og resten av Haram.

Antal sigrar:
Grytastranda 7
Søvik 4

Historie
Laurdag 13. oktober 2001 er startdatoen for det vi reknar som den moderne bygdekampen, men bygdekampar mellom Grytastranda og Søvik er ikkje noko nytt fenomen. Det vart óg spelt slike kampar for fleire tiår sidan. Frode Engeset fekk ideen om å ta opp igjen tråden etter å ha bladd igjennom Årsskrift 1992 frå Sogelaget for Hamnsund sokn.

Av årsskriftet les vi; “Det blir fortalt om ein gong kring 1960 at det skulle vere fotballkamp mellom Grytestranda og Søvik. Kampen skulle gå ein søndag inne på fotballfeltet nede ved sjøen på Engeset. Gutane hadde sett opp plakatar, og mykje folk var møtt fram. Kampen byrja jamt, stillinga er 2-2 når Grytastrandingane får frispark rett utanfor 16-meteren. Søvikarane stiller mur medan Grytastrandas storskyttar legg ballen på plass. Han dunkar til og ballen kjem mot muren i andletshøgde. I siste augneblink bøyer den som ville fått ballen “i fleisen”, seg unna, og ballen suser utagbart i mål. Sidan går det rett vest for Søvik-laget og sluttresultatet vert 7-2 til Grytestranda. Etter kampen får “syndaren” kraftig på pukkelen av lagkapteinen, og det vert ein lang og tung sykkeltur heimatt til Søvik.” (Skrive av Per Hånes)

På grunn av heimesida til IL Norborg vart det ein enkel jobb å få til ein bygdekamp hausten 2001. Frode skreiv ned reglane og ein lagleiar frå kvar bygd vart utpeika til å skaffe spelarar. På kampdagen stilte Grytastranda og Søvik med kvar sin 14 mannstropp. 70 tilskodarar møtte opp å såg Grytastranda vinne 3-1 i regnveret.

Kampreferat