Adelskalenderen for Norborg sitt A-lag er no oppdatert med årets sesong. Tarjei Gjerset Urkedal er sjølvsagt suverent på topp med sine 569 kampar. Det er 95 kampar meir enn Kristian Søviknes sine 474. Begge har spelt kampar i år. Tarjei spelte 17 og Kristian 5. På dei neste plassane finn vi Stein Erik Reitan med 426 og Svein Gjerset med 414. Kristoffer Søviknes har passert John Tellefsen og Sigmund Gjerset frå i fjor og er no på 5. plass med 365 kampar. Ole Johan Urke passerte Hans Magnar Engeset og er på 8. plass med 347 kampar. Totalt har 344 spelarar spelt for Norborg sidan 1968. I år var det to debutantar; Tobias Vatle Faksvåg og Anders Finnøy.
Adelskalender



Norborg hadde torsdag ettermiddag fellestrening for dei aldersbestemte spelarane i klubben. Veret var ikkje det beste, men innsatsen var på topp! Torgeir Finnanger Garshol leia økta saman med gode hjelparar. Trykk på lenka under for bilete.
Kaptein Kjell Terje Brusdal spelte samtlege 22 kampar og var dermed den som spelte mest av totalt 36 nytta spelarar for Norborg/Brattvåg2 i årets 5. divisjon. Storscorar Magnus Austbø Seth spelte alle bortsett frå bortekampen mot Hovdebygda og er ein god nummer to. Gledeleg er det at Tor Abelseth har hatt ein stort sett skadefri sesong og fekk også speletid i 21 av kampane. Abelseth måtte stå over bortekampen mot Ellingsøy grunna sjukdom, og hadde litt småskader før to av kampane og starta dermed på benken i dei. Dermed har 17-åringen Gard Sæterøy Rogne 100 fleire minutt på bana. Rogne har hatt ein god førstesesong for samarbeidslaget. Det skal bli spennande å følge utviklinga. På 5. plass i speletid finn vi hovudmotor Kristoffer Søviknes. Han har hatt ein ny vår som midtbanespelar og har vore betre trent enn på mange år. Det resulterte i heile 15 mål. Noko som er ny rekord for den opprinnelege spissen. Fullstendig liste finn du på lenka nedanfor.