Siger i lokaloppgjeret

Norborg drog i land tre viktige poeng i lokaloppgjeret mot Ravn2 på Uggedal stadion i kveld. I ein lite velspelt, men spennande kamp, leia Norborg 1-0 ved pause etter scoring av Niklas Rekdal. Robert Dulgheru dobla leiinga etter knappe tjue minutt av 2. omgang, men Jonathan Lilleng reduserte minuttet seinare. I sluttminutta pressa Ravn2 på for utlikning og sende “alle mann” i angrep. Det utnytta Norborg langt inne i overtida då Robert Dulgheru prikka ballen i mål frå langt hald. Dermed 3-1 i denne “must win” kampen.
Les meir..
Tabell

Endeleg suksess på bortebane

Norborg har gått på eit par bortesmellar så langt i sesongen, men onsdag kveld reiste ein endeleg heim med tre poeng etter 3-0 siger over Harøy/Lepsøy/HaNo2. Robert Dulgheru ordna 1-0 på straffe før ti minutt var spelt, medan Niklas Rekdal dobla leiinga på frispark nokre minutt seinare. Halvvegs ut i 2. omgang trygga Jesper Vos sigeren med eit velplassert skot frå 15 meter.
Les meir..
Tabell

Ny storsiger på heimebane


Med to mål i kvar omgang tok Norborg ein komfortabel siger over Skodje på Uggedal KGB i kveld. Etter ein halvtime med stillingskrig banka Jonas Holmeset inn leiarmålet på kampens første sjanse etter innlegg frå William Grytten. Få minutt seinare utnytta Robert Dulgheru rot i gjesteforsvaret og dobla leiinga. Norborg gjekk aggressivt til verks etter pause og fekk 3-0 då Anders Toven heada inn eit innlegg frå Tarjei Urkedal. Heilt på slutten sette Robert Dulgheru inn sitt andre mål og fastsette resultatet til 4-0. -Dette var ein skikkeleg lagsiger, sa trenar Thomas Gjerde etter kampen. Vi gjer arbeidsoppgåvene våre til fulle, er solide defensive og effektive framfor mål.
Les meir..
Tabell