post

Vellykka trenarforum!

Tirsdag kveld var over 40 trenarar frå samarbeidslaga Brattvåg IL, IL Norborg og IL Ravn samla på auditoriet på Haram Videregåande Skule for årets første trenerforum, der vi fekk besøk av Reidar Vågnes og SunnmørsAkademiet. Temaet for kvelden var Treneren som leder, og deltagerne fikk først fotballfagleg påfyll fra ein engasjert Reidar, før dei sjølv fikk vere med på å planlegge og framføre korleis gjennomføre ein god fotballtrening.

Dei tre trenervegleiiarane i samarbeidsklubbane, Marius, Emil og Anis, var veldig godt fornøgde med både oppmøte og engasjement frå deltagerne, så dette lover veldig godt for fortsettelsen! Vi håpe vi ser alle igjen til neste trenarforum, og kanskje nokon som ikkje hadde anledning denne gongen.

Johan Vestre, Rolv Seth og Frank Dalhug presenterer sin økt.

Keepertrening for klubbspillere!

IL Norborg inviterer alle i Norborg mellom 6 og 12 år til keepertrening i Uggedalen 06.november klokka 1400. Treninga blir ved Lilja Vestre som er ein ung og talentfull keeper, med teft for keepertrening. Påmelding er gratis og det blir open kiosk, slik foreldre kan få seg ein kaffekopp eller lignande under økta. Økta vil vere frå 14 til cirka 1530 😊

Påmelding med navn til bornet, foreldre og telefonnummer sendast til trenerveileder@norborg.com innan fredag 04.november klokka 1700. 

 

.

Brattvåg/Norborg J13 OBOS-cupmeistrar!

Brattvåg/Norborg J13 vann OBOS-cup etter å ha slått Blindheim på straffekonkurranse. Sjølve kampen enda mållaus, men jentene frå Haramshalvøya hadde best kontroll på nervane i straffekonkurransen og henta heim pokalen. Vi gratulerer! Meir på Brattvåg si heimeside. Herrelaget skulle også spele finale på laurdag, men motstandar NTNUIÅ greidde ikkje å stille lag.

Perfekt start av juniorane


Juniorfotballen ruller og Brattvåg/Norborg/Harøy har fått ein perfekt start i 1. divisjon med full poengpott på dei to første kampane. Etter å ha vunne 5-2 over Blindheim sist måndag, sende ein Ørsta/Hovdebygda heim med 7-3 tap i kveld. Per Kristian Grytten Søvik og Per Kristian Helle Hildre sørga for 2-0 den første halvtimen, men gjestane kom ajour med to raske før pause. I 2. omgang viste vertane seg som klart best og gav seg ikkje før det stod 7-3. Helle Hildre scora to mål i denne omgangen. Det same gjorde Erlend Blø, som kom frå Midsund tidlegare i månaden. Eirik Koppen Vågnes scora eitt.
Tabell

Jenter 15 med storsiger i OBOS-Cup

Norborg J15 vann heile 9-0 over Valder/Ellingsøy i OBOS-Cup. Måla vart scora av heile 8 ulike spelarar. Celina Uggedal (2), Helena Klemetsen Birkelund, Aurora Gjerset Holmeseth, Luna Volstad, Sofie Otterlei Vatnehol, Anna Nikoline Urkedal og Fredrikke Fagerli Gamlem fann vegen til nettmaskene.

G19: Slo Ellingsøy og er klar for 1. divisjon

Brattvåg/Norborg/Harøy vann i formiddag 6-2 over Ellingsøy og gjekk til topps i si kvalifiseringsgruppe for 1. divisjon. BNH tok kommandoen frå start av, men måtte vente til det 23. minutt før målet kom ved Siver Davik. Få minutt etter klinka Martin Koch inn 2-0 frå distanse. Eit resultat som stod seg til pause. Per Kristian Helle Hildre og Eirik Vågnes laga 3 og 4-0 kort tid etter sidebyte. Henrik Hurlen gjorde 5-1 i det 67. minutt. Eit par raude kort vart vist til BNH utan at det førte til spenning. Ellingsøy fekk inn eit mål nummer 2, men det gjorde også PK Hildre. Vi gratulerer gutane med plass i 1. divisjon. Ørsta/Hovebygda og Blindheim følger med til 1. divisjon frå denne gruppa, medan Langevåg og Ellingsøy må spele i 2. divisjon.
Tabell

G19: Vann første kvalifiseringskamp

Samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy vann sin første kvalifiseringskamp for 1. divisjon med heile 4-0 over Ørsta/Hovdebygda. Magnus Otterlei satte inn 1-0 allereie før to minutt var spelt. Per-Kristian Grytten Søvik dobla leiinga dryge kvarteret etter. Gutane punkterte kampen med to mål på to minutt like før timen var spelt etter mål av Fredrik Hurlen og Martin Koch. Dermed ei flott opning av juniorane.
Tabell

Juniorane vann siste kamp

Det var ikkje berre herrelaget som tok ein sterk siger måndag kveld. Juniorane avslutta sesongen med 5-4 over titteljagande Spjelkavik på Brattvåg stadion. Per-Kristian Helle Hildre vart den store helten med sine tre mål. Adrian Bjørlykke og Sander Tharaldsen scora dei andre måla for samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy. Laget enda på 5. plass i 1. divisjon G19. Per-Kristian Helle Hildre vart for øvreg toppscorar i divisjonen med 16 mål. Vi gratulerer!
Tabell