Tapte lokaloppgjeret mot Ravn

Norborg måtte sjå seg slått 2-4 av Ravn i kveldens lokaloppgjer på ei sleip Uggedalsmatte. Ravn fekk ein pangstart på kampen då Teodor Klokset Lilleng sitt innlegg vart omgjort til eit praktfullt skot i fin boge over keeper og ned under tverrliggaren. Eit noko tilfeldig mål, og tilfeldigheite, flaks og uflaks skulle det bli ein del av denne regnfulle kvelden. Like etter at Norborg hadde ei heading i tverrliggaren, auka Nikolas Fjørtoft til 0-2 i det 27. minutt. Målet kom etter litt klabb og babb på ein corner der ballen til slutt havna hos Fjørtoft som enkelt breisida ballen i mål frå kloss hald. Kristoffer Søviknes banka inn redusering like etter då han er vaken frampå ein retur etter eit skot av Eirik Vågnes. Norborg var også nør utlikning, men 1-2 stod seg til pause i ein jamn omgang. Norborg starta best etter pause og hadde ein dobbeltsjanse etter corner, men ti minutt ut i omgangen vart ein redusert til ti mann. Då vart oppgåva for tøff og Nikolas Fjørtoft og Ole Johan Urke auka Ravn si leiing til 1-4. Ådne Hellandsvik pynta på resultatet i sluttsekunda med eit flott skot. Jamnt første 55. minutta og Ravn best då dei var ein mann meir. Meir kjem.