Siste kamp før ferien

Norborg/Brattvåg2 tek imot Hødd2 i Uggedalen måndag kl. 1830. Norborg/BIL2 kjem i frå ein solid kamp mot Hareid sist og har levert ein sterk vårsesong med 18 poeng på 10 kampar. Få såg nok føre seg at vårt unge mannskap skulle kjempe om pallplass når vi gjekk inn i ferien. Men, no ventar ei tøff nøtt. Hødd2 har i tidlegare år hatt eit godt tak på Norborg og har vunne 8 av dei 10 kampane. Vi må ni år tilbake for å finne sist Norborg-siger. Dei har også opptrett som eit særs sterkt bortelag i år. 10 av 13 poeng har kome borte frå Høddvoll. Hødd2 har for øvreg ein kamp mindre spelt enn Norborg/Brattvåg2.

Dommar: Richard Olsen (Åmdal)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Niklas Spets (AaFK)

Oransjetrøyene i målform!


Norborg/Brattvåg2 – Hareid 4-0 (2-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 25.06.2019

Sjansar: 8-3
Cornere: 7-3

1-0 Jesper Vos (19)
2-0 Alexander Jonassen (42)
3-0 Patrik Hjelmseth (50)
4-0 Siver Davik (79)

Norborg/Brattvåg2 tok tre viktige poeng mot Hareid i kveld. Heimelaget leverte ein solid kamp mot eit bortelag som knapt hadde ei avslutning innafor ramma. – Vi har god kontroll på Hareid, sa kaptein Kjell Terje Brusdal. 17-åringen Siver Davik (biletet) scora sitt første seriemål.
Les meir..

TV-kamp og gratis kanelbolla

Sunnmørsposten har også denne gong valgt å sende Norborg/Brattvåg2 sin heimekamp. Vi håper du tek turen til stadion å lagar liv og røre. Kulturkafeen stiller med gratis kanelbollar frå kl. 1800 (først til mølla..). Kampstart er kl. 1830. Vel møtt!

Heimekamp mot Hareid tysdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek tysdag imot Hareid i ein framskutt 11. runde kamp. Dei to laga får dermed ikkje suge lenge på den velsmakande karamellen frå sist runde då Norborg banka topplaget Volda, medan Hareid tok seg av botnlaget Blindheim.

Begge lag var inne i ei lita blindgate før sist kamp. Norborg stod med 2 poeng på dei 3 siste og sleit med det offensive spelet. Hareid hadde to strake tap og måtte ha siger for å halde følge med laga framfor på tabellen. Norborg er på 3. plass, Hareid på 11. plass, men sjølv om det skil mange plassar på tabellen er Hareid berre 6 poeng bak.

Norborg hadde ein del forfall sist, men reknar med at Kjell Terje Brusdal, Ådne Hellandsvik og Siver Davik er tilgjengelege no. Trenar Søviknes har dermed ein stor stall å velge frå.

Hareid er eit godt defensivt organisert lag som slepp inn langt færre mål enn dei andre laga på nedre halvdel, men offensivt går det ikkje på skinner. 11 scora mål på 9 kampar skremmer ingen. Det er det same antall mål som vår toppscorar Magnus Austbø Seth. På Hareid er det den tidlegare Hødd-spelaren Ruben Kenneth Brandal som er den største trusselen med 5 mål.

Det er ti år sidan Norborg og Hareid møttes i serien for første gong. Norborg vann 3-0 borte i april og følgte opp med 8-0 på Uggedal stadion 2. juli. Totalt har også Norborg eit godt tak på Hareid. På 14 kampar har Norborg vunne 9, Hareid 4, medan 1 har enda uavgjort. Målskilnad 31-22.

Vi ser på Norborg/Brattvåg2 som favorittar i denne kampen, men enkelt blir det ikkje. Vi trur ikkje Hareid er på Grytastranda for å underhalde så her vil vi nok igjen sjå ein motstandar som ligg på eigen halvdel for å vente på at heimelaget skal gjere feil. Så då er det opp til Norborg å finne nøkkelen for å opne opp.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Øyvind Kringstad (Valder) og Anders Husøy (Valestrand Hjellvik)

 

Stilling tabellkonkurranse runde 9

Blindheim og Hareid fullførte serierunde 9 laurdag ettermiddag. I ein tett kamp vann bortelaget 0-1. Hareid er for øvreg Norborg/Brattvåg2 sin neste motstandar på Uggedal stadion tysdag kl. 1830. Dei ti beste i vår tabellkonkurranse er slik når alle laga stod med 9 kampar i 4. divisjon:

Banka serieleiaren!


Volda – Norborg/Brattvåg2 1-4 (0-2)
4. divisjon, Volda stadion, 21.06.2019

0-1 Fredrik Hurlen (30)
0-2 Tor Abelseth (38)
1-2 Stian Moe Finnøy (83)
1-3 Magnus Austbø Seth (85)
1-4 Magnus Austbø Seth (89)

Dei færraste såg vel føre seg at eit Norborg/Brattvåg2 utan A-lagsspelarar frå Brattvåg skulle greie å påføre Volda årets første tap, men unggutane frå Norborg og Brattvåg kjempa tappert, hadde marginane med seg og kunne reise lykkelege heim med 4-1 siger. Oransjetrøyene fauk dermed opp på 3. plass på tabellen.
Les meir..

Andre resultat:
Ørsta – Bergsøy 4-2 (Bergsøy sitt første tap for året)
Rollon – Emblem 5-2
Hødd2-Larsnes/Gursken 2-3
Valder -SIF/Hessa 4-4
Blindheim – Hareid 0-1

Bortekamp mot topplaget!

Norborg/Brattvåg2 tek fredag turen til Volda for å møte divisjonens beste lag. Volda har fått ein særs god start på sesongen med 7 sigrar og 1 uavgjort på dei 8 kampane.

Norborg/Brattvåg2 må gjere nokre endringar frå kampen mot Ørsta sist. Det gledelege er at ein får tilbake Nikolai Jensen frå karantene, men diverre kan ikkje Ådne Hellandsvik, Magnus Jenssen og Siver Davik spele.

Norborg og Volda har berre sporadisk møtt kvarandre opp gjennom åra, og statistikken er ikkje på Norborg si side. Totalt har det blitt 12 møter med 1 siger til Norborg tilbake i 1976, 7 sigrar til Volda og 4 uavgjorte. Målskilnad: 12-36. Heller ikkje bortekampen mot Volda2 enda spesielt godt. Då vann Volda2 med 2-0. Norborg kan altså reise til Volda utan favorittstempel og alt å vinne.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)

Kampstart kl. 1900.