Norborg med utfordringar før torsdagens heimekamp


Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kl. 1830 imot Ellingsøy til årets første graskamp i Uggedalen. Heimelaget har vore i god form den siste tida og har krabba seg opp på ein 2. plass, men før kampen mot Ellingsøy har laget utfordringar. – Ja, vi kan kome til å mangle ein del spelarar i denne kampen, men eg kan love at vi stiller med 11 mann, seier trenar Kristian Søviknes.
Les meir

5. divisjon: 6. serierunde

Guard og Langevåg sparkar i gong den 6. serierunda i 5. divisjon på Color Line Stadion i kveld kl. 20. Guard overraska sist veke med ein 5-0 bortesiger over Skodje, medan Langevåg endeleg fekk smaken på tre poeng etter 5-1 over Stranda. Vi trur Langevåg fortsette å kjenne på den smaken. B.

Resten av runda spelast slik i morgon:
Les meir

5. divisjon: Norborg/Brattvåg2 opp på 2. plass

Norborg/Brattvåg2 avanserte frå 5. til 2. plass på tabellen etter bortesigeren over Fjørtoft. Skodje gjekk på sesongens første tap då Guard reiste frå Skodje med heile 5-0 i bagasjen, medan Herd2 stod for den største overraskinga då dei tapte 4-1 for Ellingsøy. Langevåg tok årets første siger då Stranda vart slått 5-1. Sæbø leia 3-1 til pause, men måtte til slutt sjå seg slått 4-5 av Hovdebygda etter eit overtidsmål.

Resultat 5. serierunde:

Blindheim – Volda2 4-0
Sæbø – Hovdebygda 4-5
Ellingsøy – Herd2 4-1
Langevåg – Stranda 5-1
Skodje – Guard 0-5
Fjørtoft – Norborg/Brattvåg2 0-2

Tabell

Sigra på Fjørtofta

Under strålande tilhøve på den nyopprusta Fjørtoft stadion tok dei oransje med seg alle poenga tilbake til fastlandet. Det var lenge stillingskrig, men så scora Norborg/Brattvåg2 to mål på kort tid ved Kristoffer Søviknes og Magnus Austbø Seth. Fjørtoft la trykk på gjestane gjennom heile 2. omgang, men den oransje forsvarsmuren hadde god kontroll og let aldri heimelaget skape skikkeleg spenning.
Les meir..

Lokaloppgjer mot Fjørtoft onsdag kl. 1915

Onsdag 16. mai er det klart for den første seriekampen mellom Norborg og Fjørtoft på nær 20 år. Mykje har skjedd på desse åra. Norborg gått frå botn 6. divisjon og spelt mange år i 3. og 4. divisjon. Fjørtoft har stort sett vore utan A-lag, men har dei siste 18 månadane gjort eit fantastisk stykke arbeid og kome seg ut av koma. Den jublande spelaren til høgre på biletet over har mykje av æra for det. På onsdag håper og trur vi det er dei tre andre som fortsatt smiler.
Les meir

Tippekonkurranse!

Onsdag 16. mai kl. 1915 er det klart for det første seriemøtet mellom Fjørtoft og Norborg sidan 19. september 1998. Den gong enda det med 10-0 til Fjørtoft. Vi trur ikkje på reprise, men kva trur du? Bli med på vår konkurranse og tipp utfallet av dei fire spørsmåla under. Det blir trekt ut premie til ein av dei som har svart flest riktig. NB! Maks eitt forslag per person.

Tippekonkurransen er avsluttet. 41 stk. har levert inn forslag. Ingen fekk 4 rette, men heile 12 stk. fekk 3 rette. Vi vil trekke ein vinnar blant desse tolv i løpet av 17. mai.  

Aktivitetsdag 2018

Søndag 3. juni frå kl. 12 til 15 blir det aktivitetsdag i Uggedalen for små og store. Dette er for absolutt alle, uansett kva slags nivå ein er på. Om du ikkje ønsker å delta kan du kome å nyte kaffe og kaker i kiosken. Det vil bli 7 aktiviteter, samt quiz, kubbspeling og badminton.

Nyoppussa heimeside!

Då kan vi endeleg presentere ei nyoppussa heimeside. Dette er fjerde versjon av norborg.com sidan starten i 2001. Det meste av nyttig info er overført frå den gamle sida. Noko som var litt av ein jobb sidan ein måtte bruke klipp og lim metoden på ca. 900 artiklar. Alle undersidene er derfor ikkje like “vakre” sidan dei vart laga på dei gamle sidene.  Det har også blitt lagt inn fleire hundre bilete.

Kva er nytt? Ved sida ny plattform og sjølve designet så har det i høgremargen blant anna kome inn Twitter. Det at Norborg sin twitterkonto er integrert i nettsida gjer at du slepp å gå inn på vår twitterkonto for å følge med på oppdateringane av f.eks. A-laget sine kampar. Vi har også integrert Instagramkontoen til fotballgruppa. Her vil det siste biletet som er lagt ut der bli synleg. Nederst på høgresida finn du eit søkefelt. Du kan jo søke på ditt eige navn å sjå om du er med i ein artikkel eller to.. I venstremenyen så har det kome inn eit val som heiter “Galleri”. Her vil du finne mange bilete frå dei siste 17 åra, samt nokre eldre bilete.

Med denne nye sida håper vi også at fleire kan bidra med å legge inn stoff for å gjere norborg.com meir levande.