Storsiger før sommarpausa

Norborg dominerte og vann 4-0 over Emblem2 på Uggedal KGB tysdag kveld. Niklas Rekdal ga heimelaget leiinga allereie før tre minutt var spelt då han scora sikkert åleine med keeper etter ein fin stikkar av Ådne Hellandsvik. Norborg hadde fleire store sjansar til å auke leiinga før pause, men kom ikkje nærmare enn eit stolpetreff av Ruben Holmeset. Etter kvila var effektiviteten noko betre. Sju minutt ut i omgangen kom midtstopparane i fokus då Ole Johan Urke slo eit frispark inn til Peder Uggedal Søvik som enkelt sette inn 2-0 frå kloss hald. Litt over midtvegs i omgangen viste Ruben Holmeset seg fram med fart, teknikk og målteft. Først sette han inn 3-0 på ein soloprestasjon før han gjorde 4-0 etter ein fin stikkar av Kristoffer Søviknes der han rykte frå forsvaret og sette ballen stolpe inn. Norborg kom seg med sigeren opp på 5. plass på tabellen. Etter berre 1 poeng på dei 4 første kampane, har det blitt 10 poeng på dei siste 5. Det lovar godt fram mot hausten. Les meir..
Tabell