Norborg/Brattvåg2 – Langevåg 3-1 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 13.08.2021
1-0 Thomas Aarsund (44)
2-0 Martin Koch (52)
3-0 Thomas Aarsund (55)
3-1 Filip Dubicki (78)
Sjansar: 9-7
Cornere: 6-4
Avslutningar på mål: 5-7
Avslutningar utanfor: 9-6
Avslutningar blokkert: 4-1
Ein livleg Thomas Aarsund sørga for at Norborg/BIL2 tok tre viktige poeng i serieopninga mot Langevåg. Gjestane hadde i ein periode før pause sjansebonansa mot Norborg-målet utan å score før Aarsund minuttet før pause sette inn 1-0. Eit til då flatterande resultat, men det skulle motbevisast etter kvila. Då var heimelaget på hogget og styrte kampen totalt det første kvarteret. Martin Koch scora sitt første mål i 4. divisjon då han enkelt putta ballen i tomt mål etter forarbeid av Aarsund. Aarsund sjølv fekk ein like enkel jobb med å sette inn 3-0 etter at keeper gav retur på eit skot av Eirik Koppen Vågnes. Filip Dubicki reduserte dryge ti minutt før slutt, men Langevåg var ikkje i stand til å sette inn ein sluttspurt og truga dermed aldri dei tre poenga til dei oransje.
-Kjekt å kome i gong med tellande kamp igjen og vilja er nok betre enn kvaliteten. Vi ber nok preg av at det er lenge sidan sist og trengte ei stund på å finne rytme og kvalitet i det vi gjer. Vi får med oss ei leiing inn til pause noko som gir oss ein boost til 2. omgang då vi framstår med meir sjølvtillit og tryggleik. Eg er godt nøgd med gutane og tre velsmakande poeng i ein sesong då det er ekstra viktig å få ein god start sidan det berre er 11 kampar som skal spelast, seier trenar Kristian Søviknes.
Les meir


