Kjempa lenge tappert mot Hødd2

Norborg/Brattvåg2 – Hødd2 1-4 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 17.09.2021

0-1 Tobias Pettersen Hatløy (71)
0-2 Andreas Hofset Televik (78)
0-3 Vegard Håheim-Elveseter (84)
0-4 Tobias Pettersen Hatløy (86)
1-4 Eirik Koppen Vågnes (90)

Norborg/Brattvåg2 haldt lenge liv i kampen, men i dei siste tjue minutta sa Hødd2 takk for følgje og scora heile fire gongar før Eirik Vågnes gav heimelaget eit trøystemål då han vart frispelt av David Sissoko. – Vi møtte eit godt lag frå Ulsteinvik. Dei var særs aggressive i sitt presspel og let oss aldri få tid og rom til å bygge opp spelet. Vi er likevel bra med i starten av kvar omgang, men mot slutten av kampen går vi opp i liminga etter å ha blitt kverna møre av god motstand, sa trenar Kristian Søviknes.

Dette var Norborg/Brattvåg2 sitt femte strake tap, men ein har framleis eit godt håp om å redde plassen med fem kampar igjen å spele. To av kampane går heime mot tøff motstand (Bergsøy og Rollon), medan dei tre bortekampane er mot botnkollegaer. På fredag står bortekamp mot Hareid for tur. Dette er den første av tre “cupfinalar” ein bør vinne, og i alle fall unngå å tape. Valder og Emblem er dei to andre bortekampane. Truleg må ein ha sju poeng på desse kampane for å ha rett til å spele i 4. divisjon.

Laget: Sander Arntsen – Per Kristian Helle Hildre, Tor Abelseth, Ulrik Havnsund, Jesper Vos (Magnus Otterlei, 89) – Eirik Vågnes, Ådne Hellandsvik, Thomas Aarsund (Anders Toven, 76), Igor Leonovs – David Sissoko, Martin Fylling Koch (Per Kristian Søvik, 72).

Fekk det tøft mot Herd

Norborg/Brattvåg2 – Herd 1-5 (1-2)
4. divisjon, Uggedal stadion, 10.09.2021

Sjansar: 2-8
Cornere: 2-5

1-0 Jeppe Mogensen (str. 19)
1-1 Kheirulla Ahmadzai (35)
1-2 Kristian Klokk Flovik (43)
1-3 Eirik Skjelten Dalhus (52)
1-4 Kheirullah Ahmadzai (67)
1-5 Erlend Nicolai Fjeldstad (str. 84)

Norborg/Brattvåg2 stilte sitt sterkaste lag for sesongen, men fekk det etter kvart tøft mot divisjonens beste lag. Det starta godt då David Sissoko vart lagt i bakken innanfor 16 meteren og Jeppe Mogensen sette det påfølgjande straffesparket i mål. Omgangen var jamn og intensiv, men inn mot pause straffa Herd to personlege feil hos heimelaget knallhardt med to mål. Dermed var den ønska og nødvendige leiinga inn mot pause rota vekk. Etter pause hadde Herd god kontroll og vann til slutt komfortable 1-5. Det skal nemnast at Norborg/Brattvåg2 starta 2. omgang med 5 juniorar og avslutta med 9 utan at Herd skapte så mange fleire klare målsjansar enn det dei scorte på.
Les meir..

Heimekamp mot Herd kl. 18

Norborg/Brattvåg2 spelar fredag kl. 18 heimekamp mot 4. divisjon sitt tetlag Herd. Heimelaget stiller med eit spennande lag som vi trur skal gi Herd hard kamp om poenga. Treningskampen i sommar enda med 2-3 tap. Kan vi snu siffera denne gong? Møt opp å sjå.

Dommar: Bertil Holen (Guard)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Jørgen Eriksen (Fron)

Andre kampar:
Valder – Langevåg 3-0
Hareid – Hovdebygda
Bergsøy – Larsnes/Gursken
Rollon – Emblem
Hødd2 – SIF/Hessa

Tung kveld for dei oransje

Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda 3-5 (2-3)
4. divisjon, Uggedal stadion, 27.08.2021

Sjansar: 6-12
Hjørnespark: 4-8

0-1 Frank Sætre Ristesund (3)
0-2 Edin Ribic (13)
1-2 Eirik Vågnes (27)
2-2 Igor Leonov (43)
2-3 Bjørnar Holen (str. 45)
2-4 Bjørnar Holen (53)
3-4 Martin Fylling Koch (70)
3-5 Daniel Reza Malakzadeh (76)

For andre kamp på rad kjem Norborg/Brattvåg2 tidleg under 0-2. Laget jobba seg likevel inn i kampen og utlikna til 2-2 like før pause etter mål av Eirik Vågnes og Igor Leonov. Dei fleste trudde då ein skulle få starte 2. omgang med like siffer, men nei. Bjørnar Holen vart unødvendig lagt i bakken innanfor 16 meteren. Storscorar Holen tok sjølv straffa og sette den presist inne ved stolpen. Ståda vart ikkje betre då Holen auka til 2-4 like etter pause. Martin Koch ga heimelaget på nytt håp med si redusering tjue minutt før slutt, men Daniel Malakzadeh sløkte det håpet kvarteret før slutt. Heimelaget leverte ein defensiv svak kamp og gjorde fleire juniorfeil, men så må vi huske på at dei fleste er nettopp det, juniorar.
Les meir..

Heimekamp mot Hovdebygda fredag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek fredag kl. 1830 imot Hovdebygda på Uggedal stadion. Heimelaget har fått ein grei start på sesongen med siger over Langevåg og eit knepent tap for Larsnes/Gursken. Hovdebygda på si side står med null poeng etter kampane mot Herd og SIF/Hessa.

NB2 vil frå sist kamp mangle Thomas Aarsund med skade og Fredrik Hurlen grunna jobb. Ulrik Havnsund melde tidlegare i veka overgong frå Byåsen til Brattvåg og er med i troppen. Tor Abelseth er også med i troppen etter nokre veker på sidelinja med skade.

Norborg har historisk hatt eit godt tak på Hovdebygda og står med sju strake sigrar og 36-6 i målskilnad. Vi må tilbake til mai 2003 for sist tap. Den gong såg dagens Norborg-trenar Kristian Søviknes ut til å bli matchvinnar med si 3-2 scoring, men Hovdebygda snudde til 3-4 i sluttminutta. Vi håper på ei betre oppleving for Kristian denne gong for eit Norborg-lag som jaktar sin seriesiger nummer 400 sidan 1968.

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Zenun Murati (Giske) og Øyvind Kringstad (Valder)

Andre kampar:
SIF/Hessa – Herd 2-4
Hareid – Langevåg
Bergsøy – Emblem
Valder – Rollon
Hødd2 – Larsnes/Gursken tysdag

Surt bortetap

Larsnes/Gursken – Norborg/Brattvåg2 2-1 (2-0)
4. divisjon, Larsnes stadion, 19.08.2021

1-0 Frants Leine Mork (6)
2-0 Sondre Voksøy Bringsvor (18)
2-1 Igor Leonov (50)

Våre gutar gjekk på eit surt nederlag på Larsnes stadion. Etter to kostbare feil i opningskvarteret styrte Norborg/BIL2 det meste i resten av omgangen, likevel utan å skape det heilt store framfor mål. I starten av 2. omgang blir fleire sjansar skapt og Igor Leonov reduserer på ei heading etter legg av Per Kristian Søvik. Spelet bølga fram og tilbake dei siste tjue, men tre minutt på overtid er NB2 særs nær å få med seg eitt fortent poeng då Martin Koch skyt i tverra. Returen heada Fredrik Hurlen midt på keeper. Dermed eit surt tap.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik, Tobias Jensen, Thomas Eriksen Aarsund (Koch, 80), Jesper Vos –  Eirik Koppen Vågnes, Ådne Hellandsvik, Igor Leonov, Ruben Grytten Holmeset (Stian Fjørtoft Klokk, 75) – Fredrik Klemetsen Hurlen, Martin Fylling Koch (Anders Toven, 60).

Bortekamp mot Larsnes/Gursken

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Larsnes stadion for å jakte nye poeng. Begge laga vann sin opningskamp. “Gulars” imponerte med 2-0 på Siffen etter mål av Jørn Olsen og tidlegare Hødd-spelar Preben Alexander Sætre. NB2 varierte i prestasjonane i 3-1 sigeren over Langevåg, og må opp eit par hakk om det skal bli poeng med tilbake til Haramshalvøya. Tropp er førebels ikkje klar.

Kampstart kl. 19.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Elling Haddal Våge (Hasundgot) og Nikolai Morke Rogne (Ørsta)

Andre kampar:
Emblem – Hareid torsdag
Langevåg – Hødd2 fredag
Valder – Herd fredag
Hovdebygda – SIF/Hessa fredag
Rollon – Bergsøy fredag