Aksla2 – Norborg 0-2 (0-0)
6. divisjon, Ratvika KGB, 03.06.2026
Sjansar: 2-4
0-1 Per Kristian Grytten Søvik (54)
0-2 Jesper Vos (75)
Norborg drog iland tre viktige poeng i vårsesongen sin siste bortekamp då ein gjesta Ratvika onsdag kveld. Etter ein jamspelt 1. omgang fekk Norborg hol på byllen etter kvila ved Per Kristian Søvik og Jesper Vos.
Kampen starta med eit lite trykk frå Norborg, men korkje Niklas Rekdal eller Robert Dulgheru sine avslutningar fann nettmaskene. Heimelaget hadde også eit par forsøk fra brukbar posisjon, men 0-0 var greit.
2. omgang vart heller ikkje noko fyrverkeri av ein fotballkamp, men Norborg viste i alle fall god effektivitet og scora på sine to sjansar. Leiarmålet kom knappe ti minutt ut i omgangen då Per Kristian Søvik både starta og avslutta angrepet. Først snappa han opp ei svak heading av ein Askla-spelar på midtbana og spelte ut til Robert Dulgheru. Han fossa mot 16 meteren og spelte tilbake til Søvik, som putta frå kloss hald. Målet utløste ein enorm eufori hos trenar Gjerde, som tok sin lengste løpetur hittil i tiåret for å feire saman med spelarane nede ved hjørneflagget.
Eit kvarter før slutt vann Per Kristian Søvik ballen litt inne på eigen banhalvdel og spelte til Jesper Vos. Norborg sin nederlandske rev tok med seg ballen frå eigen halvdel og opp mot 20 meter før han sende av garde ei lompe som sneik seg i mål. Aksla hadde det meste av spelet i denne omgangen, men dei fleste avslutningane kom frå 16 meter og ut og sette ikkje keeper Ronald Søvik Olsen på dei store prøvene.
I vårens siste kamp tek Norborg i mot Rollon2 onsdag 10. juni kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tarjei Gjerset Urkedal (Ruben Stavik, 40), Anders Toven, Peder Uggedal Søvik. Robin Endré Hånde (Ole Johan Urke, 65) – Per Kristian Grytten Søvik, Jesper Vos (Marius Flem Stavik, 80), William Jenssen Grytten – Kai Kitsadakon Grytten (Oliver Gamlem, 85), Niklas Rekdal (Fredrik Rogne, 85), Robert Dulgheru.

