Herd 2 – Norborg 7-2 (1-2)
6. divisjon, AMFI Moa Stadion, 13.05.2026
Sjansar: 18-3
1-0 Peder Meyer (25)
1-1 Robert Dulgheru (32)
1-2 Robert Dulgheru (36)
2-2 Thomas Valaas (56)
3-2 Peter Hustad (66)
4-2 Daniel Mudingaie (72)
5-2 Daniel Mudingaie (74)
6-2 Håkon Ski (81)
7-2 Patrik Hjelmseth (88)
Norborg måtte skifte omtrent halve laget frå sist kamp og fekk det som venta tøft når ein gjesta tetlaget Herd2. Likevel leverte gutane eit god 1. omgang og gjekk til pause med leiing. Etter pause tok kreftene slutt og Herd2 vann komfortabelt.
Heimelaget skapte eit par gode sjansar før dei tok leiinga om lag halvvegs i 1. omgang då Peder Meyer frå kloss hald tuppa inn eit lavt innlegg frå høgre. Herd var det spelemessig førande laget og skapte 6-7 sjansar utan resultat før pause. Ein som ikkje treng mange sjansane er Robert Dulgheru. Han sørga for balanse i rekneskapen då han sette eit frispark frå svært skrått hald i mål. Få minutt seinare viste han fram venstrefoten sin igjen då ein Herd-spelar slo ballen inn framfor eige mål der Mohamad Erfan Bahrimi plukka den ned og spelte vidare til Dulgheru, som curla ballen fint over keeper og i nota til 1-2.
I pausa hadde heimelaget fått tørka kurtet sitt og viste betring i effektiviteten. Thomas Valaas utlikna på ein smart corner ti minutt ut i omgangen. Peter Hustad utnytta svakt forsvarsspelt og sendte Herd i føringa. Så var det klart for to mål på kort tid av Daniel Mdungaie. Begge etter corner. Eitt med hovudet, og eitt med beina. Håkon Ski gjorde 6-2 med eit presist skot, medan Patrik Hjelmset fekk æra av å fastsette sluttresultatet til 7-2 mot klubben han aksla trøya for i 7 kampar på slutten av sist tiår.
Neste kamp for Norborg er også ein bortekamp. Den spelast på Harøy KGB onsdag 20. mai kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Ruben Stavik (Fredrik Rogne, 25), Anders Toven, Ole Johan Urke (Niklas Rekdal, 65), Tarjei Urkedal, Markus Søvik Gunnarsson (Lars Mikalsen, 75), William Jenssen Grytten, Marius Flem Stavik, Robert Dulgheru, Mohamad Erfan Bahrami (Davis Keiss, 85), Jesper Vos (Jack Neima, 90).

