Ny storsiger på heimebane


Med to mål i kvar omgang tok Norborg ein komfortabel siger over Skodje på Uggedal KGB i kveld. Etter ein halvtime med stillingskrig banka Jonas Holmeset inn leiarmålet på kampens første sjanse etter innlegg frå William Grytten. Få minutt seinare utnytta Robert Dulgheru rot i gjesteforsvaret og dobla leiinga. Norborg gjekk aggressivt til verks etter pause og fekk 3-0 då Anders Toven heada inn eit innlegg frå Tarjei Urkedal. Heilt på slutten sette Robert Dulgheru inn sitt andre mål og fastsette resultatet til 4-0. -Dette var ein skikkeleg lagsiger, sa trenar Thomas Gjerde etter kampen. Vi gjer arbeidsoppgåvene våre til fulle, er solide defensive og effektive framfor mål. Meir kjem.
Tabell