Norborg-Ravn2 3-1 (1-0)
6. divisjon, Uggedal stadion, 27.05.2026
Sjansar: 7-5
1-0 Niklas Rekdal (12)
2-0 Robert Dulgheru (64)
2-1 Jonatan Lilleng (65)
3-1 Robert Dulgheru (94)
Norborg sleit seg til tre poeng i ein jamspelt kamp med mykje kriging og lite fint spel i årets første graskamp.
Gjestane starta kampen best og kom seg til eit par sjansar i åpningsminutta, men hverken Jonatan Lilleng eller Airidas Skirgaila fann vegen til nettmaskane. Då var effektiviteten langt betre hos vertane. Dryge ti minutt ut i kampen vann Robin Endré Hånde ballen på midtbana og spelte fram til Kai Kitsadakon Grytten, som spelte ein fin stikkar i bakrom der Niklas Rekdal smatt forbi to forsvarar og sette ballen i nota. Nokre minutt seinare sette Rekdal ballen på nytt i mål, men vart denne gong avblåst for offside. Ravn2 var likevel mest på hogget i denne omgangen, men sleit med å skape dei store sjansane.
2. omgang starta med ein stor sjanse til Norborg då Rekdal spelte igjennom Robert Dulgheru, men frå litt skrått hald sette Norborg sin toppscorar ballen utanfor mål. Dulgheru testa også skotfoten nokre minutt seinare, men keeper Jonas Vatne redda skotet frå 20 meter. Eit kvarter seinare testa han skotfoten på nytt frå same hald og var langt meir heldig med utfallet då ballen glapp mellom hendene til keeper og i mål. Jubelen hadde knapt lagt seg før Jonatan Lilleng skapte ny nerve i kampen då han nikka inn eit langt oppspel frå Sander Aspunvik.
Ti minutt før slutt fekk Rekdal sjansen til å punktere kampen då han forfølgte eit langt oppspel og fekk foten på ballen i kamp med ein forsvarar og keeper på 16 metersstreken, men ballen trilla ein meter til side for mål. Ravn2 stod stadig høgare på bana og var nær utlikning ved Skirgaila, men det akrobatiske forsøket gjekk over mål. I staden for utlikning utnytta Norborg bakrommet som oppstod då Rekdal spelte fram til Dulgheru som prikka inn 3-1 frå 35 meter fire minutt på overtid. Dermed tre viktige poeng til heimelaget som treng to poeng på sine to siste kampar for å kome blant dei tre beste, og dermed vidare spel i 6. divisjon til hausten,
Neste kamp er borte mot fjerdeplasserte Aksla2 onsdag 3. juni kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tarjei Gjerset Urkedal, Peder Uggedal Søvik, Anders Toven, Robin Endré Hånde – Robert Dulgheru, William Jenssen Grytten (Oliver Gamlem, 81), Per Kristian Grytten Søvik (Ole Johan Urke, 85), Marius Flem Stavik (Eirik Skarbø, 85), Kai Kitsadakon Grytten – Niklas Rekdal (Anders Urkedal, 95).
Dommar: Morten Berge Digernes (Tjørvåg)

