Harøy/Lepsøy/HaNo2-Norborg 0-3 (0-2)

Harøy/Lepsøy/HaNo2 – Norborg 0-3 (0-2)
6. divisjon, Harøy KGB, 20.05.2026

Sjansar: 4-6

0-1 Robert Dulgheru (str. 8)
0-2 Niklas Rekdal (16)
0-3 Jesper Vos (67)

Norborg tok årets først bortesiger då ein møtte samarbeidslaget frå Nordøyane. Dei oransje starta kampen godt med straffescoring av Robert Dulgheru og eit frisparkmål av Niklas Rekdal. Kampen var temmeleg jamspelt mellom 16 meterane, men Norborg best i boks, og halvvegs ut i 2. omgang trygga Jesper Vos tre viktige poeng for Norborg.

Etter å ha tapt begge serieoppgjera og ein treningskamp mot Harøy/Lepsøy i fjor, så fekk Norborg endeleg sin revansje når ein gjesta Harøy KGB onsdag kveld. Dei oransje fekk ein pangstart på kampen takka vere to dødballmål. Robert Dulgheru sette eit straffespark sikkert i nota etter at Jesper Vos vart felt, medan Nilas Rekdal sette inn eit frispark frå 18 meter etter at han sjølv hadde blitt felt. Norborg var nær nytt mål minuttet seinare då vertane sin keeper serverte Jesper Vos ballen, men Vos sette ballen midt på keeper. Heimelaget kom etter dette meir med og var nær redusering ved Markus Steinshamn, men keeper Ronald Olsen fekk avverja til corner. Resten av omgangen var sjansefattig og laga gjekk til pause med 0-2 til Norborg.

Norborg starta også 2. omgang best og skapte eit par farlege situasjonar framfor mål. Blant anna eit skot i tverrliggjar av William Grytten. Nordøyingane var også farleg frampå ved eit par høve før kvarteret var spelt, men mangla det lille ekstra framfor kassa i denne kampen. Dryge tjue minutt ut i omgangen punkterte Norborg meir eller mindre kampen då Tarjei Urkedal spelte ein stikkar ned mot kortlinja til Niklas Rekdal. Han vende opp, finta vekk ein motspelar og fann Jesper Vos som sette ballen i nota med eit velplassert skot frå 15 meter. Vos sitt første mål sidan serieavslutninga i 2022. Godt å sjå den skadeutsatte reisemontøren endeleg finne nettmaskene igjen. Norborg hadde stort sett god kontroll defensivt om vi ser bort i frå ein corner på overtid.

Neste kamp er lokaloppgjeret mot Ravn2 onsdag kl. 1830 på Uggedal stadion.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tarjei Gjerset Urkedal (Anders Urkedal, 90), Peder Uggedal Søvik, Anders Toven, Tobias Jensen (Markus Søvik Gunnarsson, 34) (K. Grytten, 92) – Kai Kitsadakon Grytten (Ole Johan Urke, 65), William Jenssen Grytten, Marius Flem Stavik, Robert Dulgheru – Jesper Vos (Davis Keiss, 86), Niklas Rekdal (Ruben Stavik, 78).