Norborg/Brattvåg2 tek onsdag turen til Color Line stadion for å møte Guard.
Norborg har ein stor stall å velge frå i denne kampen. Berre André Larsen (overtrakk), Magnus Jenssen (jobb) og Ruben Holmeset (sjøen) manglar. Det betyr at Elling Mikal Kalvø er tilbake frå sjukdom. Tor Abelseth, som måtte gi seg tidleg i kampen mot Stranda, er også klar til kamp. Patrik Hjelmseth syns ferien i 2. divisjon er for lang og vil vere med på denne kampen.
Norborg og Guard var ofte i same divisjon på 1970-talet, men har ikkje møtt kvarandre sidan 1983. Ein av grunnane til dette er at Guard ikkje hadde A-lag frå 1995 til 2013. I 2014 starta dei opp igjen i 6. divisjon, og etter nokre år i toppen av divisjonen tok dei steget opp til 5. divisjon etter å ha slått Åmdal i kvalifiseringskampar i fjor haust.
Guard har foreløpig gjort det brukbart og ligg på trygg grunn. Det er likevel på bortebane Guard er best. Dei scorar mange mål, faktisk er det berre Blindheim og Norborg som scorer meir. Defensivt går det ikkje like bra sjølv om dei har velkjente Kristian Muriås i mål. Av spelarar vi kan legge til merke er det Kristoffer Holmen, som tidlegare har spelt for Langevåg, Erik Røsvik, som har 2. og 3. divisjonserfaring med Skarbøvik, Elverum og Rollon, og ikkje minst Joakim Bendal, som har 60 mål på 46 kampar for Guard. Ni av dei på sju kampar i år. Vi skal heller ikkje gløyme tidlegare AaFK-spelar og trenar Trond Fredriksen. Alt i alt eit rutinert lag som Norborg må vere skjerpa mot.
Dommar: Jan Lund (Godøy)

Det vart ein utruleg kamp på Uggedal stadion torsdag kveld når topplaga Norborg/BIL2 og Stranda møttes. Heimelaget kom best i gong og dominerte spelet utan å score. Ti minutt før pause scora Stranda på sin første sjanse, og fortsette å score og score til det stod 0-4 fem minutt ut i 2. omgang. Då vakna endeleg Norborg, og på dei siste 25 minutta henta ein opp Stranda si leiing og behaldt eitt poeng. Kristoffer Søviknes (2), Gard Rogne og Tarjei Urkedal scora for heimelaget. Kristupas Prismantas, Eimantas Simanauskas, Tobias Hjelle og Edvinas Sagalovas scora for gjestane. – Vi starta kampen greit, men eg sakna likevel meir trøkk i den perioden vi styrer. Dei siste tjue inn mot pause er grusomme. Vi ramla totalt saman. Har null duellvilje og gjer grove feil. Vi får også ein i fleisen kort tid etter pausa, men viser god moral og står verkeleg på for å få noko ut av kampen. Fullt fortent når utlikninga var eit faktum, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Norborg/Brattvåg2 leverte ein solid bortekamp mot Hovdebygda og vann 3-0 etter to mål av Per-Stian Alvestad og eitt av Jesper Vos. Heimelaget overraska med å vere eit særs spelande lag, men vart effektivt stoppa når dei nærma seg Norborg sin 16 meter. Norborg hadde god kontroll defensivt og var effektive på kontringar i ein relativt sjansefattig kamp. På biletet ser vi Magnus Jenssen, som hadde målgjevande, og Per-Stian Alvestad, som scora to mål.