16-åringen Ask Nikolai Støylen var skilnaden på Sykkylven og Norborg i ein fysisk tøff og sjansefattig batalje på Sykkylven stadion torsdag kveld. 18 minutt ut i kampen utnytta han at ein Norborg-forsvarar bomma på ballen og vipps var han fri i bakrom og sette ballen i nota. Sykkylven var best før pause og leia fortent. Etter kvila heva Norborg seg, men skapte lite framfor heimelaget sitt mål og måtte reise heim utan poeng. Les meir..
Aarseth og Hellem klar for Norborg
Ole Kristian Engeset Aarseth og Tobias Flem Hellem er speleklar for Norborg etter overgong frå henhaldsvis Øverbygd og Brattvåg. Aarseth, som fyller 27 i mai, er ikkje eit ukjent navn i Norborg sidan han har 107 kampar og 33 mål for moderklubben. Sidan grytastrandaren forlot Norborg for å utdanne seg i forsvaret har han spelt 25 seriekampar og scora 23 mål for Øverbygd i perioden august 2021 til september 2023. Hellem, som fyller 22 i juni, spelte 20 kampar for samarbeidslaget Norborg/Brattvåg2 i 4. divisjon i 2022 og viste seg då som ein god høgreback med tempo og fysikk. Vi ønsker begge velkomen tilbake i oransje drakt.
Ingen kamp mot Giske torsdag
Norborg sin kamp mot Giske som skulle ha vore spelt torsdag 25. april er flytta til måndag 13. mai kl. 1830. Det var Giske som ville flytte kampen fordi dei hadde mange spelarar opptatt med skule.
Norborg tok alt i skilsmisseoppgjeret
Norborg gjorde reint bord og vann 3-1 over tidlegare samarbeidspartnar Brattvåg2 i kveldens 5. divisjonskamp framfor 300 tilskodarar i Uggedalen. Begge lag hadde treff i aluminiumet tidleg i kampen, men så sa Tarjei Urkedal takk for følget og sette inn to mål det siste kvarteret av 1. omgang. Etter kvila hadde Brattvåg2 mykje ball, men skapte lite mot eit godt organisert og hardtkjempande heimelag. I staden var det Kristoffer Søviknes som auka leiinga til 3-0 for dei oransje tjue minutt før slutt. Brattvåg2 sitt trøystemål vart sett inn av Anes Maksumic. Les meir..
Vågnes og Grytten til Norborg
Eirik Koppen Vågnes og Steffen Grytten har meldt overgong frå henhaldsvis Brattvåg og Fjørtoft. Begge er velkjende andlet i Uggedalen. Vågnes har 69 kampar for det tidlegare samarbeidslaget Norborg/Brattvåg2, medan Grytten har 296 kampar for Norborg frå 2001 til 2016.
Lokaloppgjer mot Brattvåg2 torsdag kl. 1830
Årets første Harams-derby i 5. divisjon blir spelt i Uggedalen mellom Norborg og Brattvåg2 torsdag kl. 1830. Laga som i fjor samarbeidde har fått ein ulik start på sesongen. Norborg gjekk på eit 4-1 tap for Bergsøy2, medan Brattvåg2 vann 3-1 over Volda2. Norborg treng difor ein 3-poengar i morgon. Så ta turen til Uggedalen og hjelp laget til siger!
Tøff serieopning for Norborg
Norborg tok leiinga like før pause på ein corner skrudd direkte i mål av Lars Alvestad Mikalsen, men fekk det tøft siste halvtimen då ein måtte plukke ballen ut av nota heile fire gongar. Dermed enda serieopninga med eit 4-1 tap for Bergsøy2. Les meir..
Serieopning for damelaget torsdag kl. 1830 i Uggedalen
Brattvåg/Norborg/Ravn sitt damelag i 4. divisjon serieopner mot Blindheim2 torsdag 11. april kl. 1830 på Uggedal KGB.
Vél møtt!
Sunnmørsposten Cup: Norborg – Blindheim søndag kl. 14.
Norborg sin kamp mot Blindheim i 3. runde i Sunnmørsposten Cup er framskutt frå kl. 1830 til 1400 idag.
Norborg tapte 0-5 og er ute av cupen.
Vidare i Sunnmørsposten Cup
Norborg vann 4-1 borte mot Sula i 2. runde av Sunnmørsposten Cup. Robert Dulgheru gav dei oransje leiinga allereie 1 minutt ut i kamp, medan Adrian Andrukiewicz dobla leiinga 5 minutt seinare. Eit sjølvmål i det 15. minutt sørga for 3-0. Noko som stod seg til pause. Ole Martin Sellaup auka til 4-0 før minuttet var spelt av 2. omgang. Nokre minutt før slutt reduserte Ramazan Akbulut for heimelaget. Norborg tek i mot Blindheim i 3. runde. Kampen er oppsett søndag 17. mars kl. 1830,

