Bergsøy2 – Norborg 4-1 (0-1)

Bergsøy2 – Norborg 4-1 (0-1)
5. divisjon, Havila stadion, 11.04.2024

0-1 Lars Alvestad Mikalsen (40)
1-1 Ola Leine Goksøyr (60)
2-1 Glenn Are Elveseter (64)
3-1 Vidar Remøy (79)
4-1 Vidar Remøy (83)

Nye Norborg fekk ei tøff serieopning då dei tok turen til Fosnavåg torsdag. Det starta likevel bra i motvinden med godt forsvarsspel og fleire gunstige ballvinningar som kunne ha resultert i sjansar og mål. Det var likevel ein dødball som sørga for årets første nettsus då Lars Mikalsen la eit hjørnespark direkte i mål fem minutt før pause. Totalt sett ei fortent leiing til dei oransje.

Etter kvila dominerte Bergsøy2 mot eit bortelag som prøvde å ligge kompakt og hindre heimelaget rom. Norborg haldt stand til Ola Leine Goksøyr sette eit frispark i mål eit kvarter ut i omgangen. Den siste halvtimen vart tøff for eit Norborg-lag som har spelt få kampar i vinter. Glenn Are Elveseter gjorde 2-1 få minutt seinare, medan Vidar Remøy punkterte kampen med to mål på slutten. Dermed ein fortent 4-1 siger til Bergsøy2.

Norborg skal også i komande kamp ut mot eit 2. lag. Då er det lokalderby mot eksen Brattvåg2 i Uggedalen torsdag kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Oliver Gamlem, Lars Alvestad Mikalsen, Peder Uggedal Søvik, Markus Søvik Gunnarsson (Marius Dulgheru, 60) – Torbjørn Grytten (Ole Enger Willumsen, 75) (Gunnarsson, 88), Tarjei Gjerset Urkedal (Andreas Larsen Beite, 65), Niklas Rekdal, Nicholas Akbar Kvammen, William Jenssen Grytten, Ole Martin Fevåg.