Få lyspunkt då Norborg fekk bank!

Norborg – Tomrefjord 2-9 (1-2)
Treningskamp, Uggedal KGB, 17.02.2016

Sjansar: 5-14

0-1 Daniel Sundet (str. 3)
1-1 Hans Edvard Nordang (30) – frispark via stolpen og inn.
1-2 Ken Robin Hildre (31)
1-3 Erlend Søberg (53)
1-4 Kenneth Eik Frostad (55)
1-5 Ken Robin Hildre (59)
1-6 Ken Robin Hildre (63)
1-7 Jørgen Gravdehaug (66)
1-8 Erlend Søberg (78)
1-9 Michael Fagervoll (81)
2-9 Ole-Kristian Aarseth (84) – velplassert skot frå 18 meter.

Tomrefjord fekk lett kamp i Uggedalen onsdag kveld. Etter ein ganske jamspelt 1. omgang sprang Tomrefjord heimelaget i senk og viste samstundes høg effektivitet då dei hamra inn sju mål i 2. omgang. Norborg mangla balltempo, var sløve i presset og hadde stor avstand mellom lagdelane. Kort fortalt ein elendeg kamp av dei oransje mot kvikke romsdalingar.
Read More
Første treningskamp for året. Spelarane skal yre av speleglede og springe som kalver når dei slepp ut av fjøset. Slik opptrådde Tomrefjord, medan Norborg viste alt anna enn det.

Det nyopprykka 4. divisjonslaget var på hogget frå start av og i det vi passerte to minutt fann Steffen Grytten ut at han ville klippe ned ein tomrefjording. Soleklar straffe som Daniel Sundet sette sikkert i mål. Tomrefjord var det beste laget og skapte nokre farlege sjansar, men Geir Roar Gamlem haldt stand. Norborg spelte med lågt tempo på ballen og tok ikkje vare på dei romma som oppstod. Til det gjekk vendinga av spelet altfor treigt. Likevel greidde ein å etablere eit lite trykk på gjestane midtvegs i omgangen. Pedro Silva fekk den største sjansen, men upressa avslutta han eit godt stykke utanfor mål. Norborg skulle likevel utlikne då Hans Edvard Nordang sette eit frispark i mål via stolpen. Tomrefjord slo raskt tilbake og utnytta at keeper Geir Roar Gamlem prøvde seg på ei frekk finte som bakarste mann. Forsvaret sprang av ukjente årsaker inn på strek i staden for å hjelpe ein keeper i naud og Ken Robin Hildre fekk det lett med å sette ballen i mål. Tomrefjord fekk også ein stor sjanse til å auke like før pause då ein Norborg-spelar låg nede med skade framfor eige mål. Men tomrefjordingen stod å vurderte om han skulle vise god sportsånd eller sette ballen i mål. Det enda med ein mellomting og keeper Gamlem redda det halvhjerta forsøket. Dermed 1-2 til pause.

Vi hadde eit håp om at Norborg skulle vise betre takter etter pause, men det vart med håpet. Tomrefjord fekk fritt spelerom og kjørte over stakkars heimespelarar. Gong på gong fekk dei bryte inne på Norborg sin halvdel å kjøre kontringar. Det var ein total kollektiv kollaps av Norborg. Måla rann inn og Tomrefjord låg etter kvart an til tosiffra, men heldigvis stoppa det på 9 mål og Ellingsøy er stadig det einaste laget som har nådd tosiffra i ein bortekamp mot Norborg etter det vi kan huske. Ole-Kristian Aarseth fekk æra av å sette inn det siste målet då han fekk til eit velplassert skot frå 18 meter.

Det vart stygge siffer for Norborg, men vi får håpe dette var ein vekker. Mange undervurderte nok Tomrefjord og fekk ikkje opp innsatsen, andre har eit særs dårleg treningsgrunnlag, og i tillegg hadde nok lagsamansetninga vore annleis om det stod om poeng. Norborg har likevel mykje å jobbe med den komande månaden fram til cupkampen mot Spjelkavik. Først og fremst må ein få på plass den defensive strukturen. Mål skal Norborg alltids greie å score.

Tor Abelseth fekk sin A-debut i denne kampen. Han gjorde ein god 1. omgang då laget hang nokonlunde i saman. Det er i alle fall liten tvil om talentet til guten frå Ørskog.

Neste oppsatte treningskamp er heime mot Valder 2. mars kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Tore Fjørtoft, Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang, Steffen Grytten (Krogsæter, 83) – Ole Johan Urke (Per-Stian Alvestad, 67), Christian Sæther (Pedro, 83), Ole-Kristian Aarseth, Fredrik Krogsæter (Nikolai Jensen, 46) – Kristoffer Søviknes (Joakim Roald, 46), Pedro Silva (Tarjei Urkedal, 46).

Dommar: Arild Vegsund

Årets første kamp for “nye” Norborg onsdag kl. 19

Norborg spelar onsdag kl. 19 årets første treningskamp når Tomrefjord tek turen til Uggedalen. Norborg har hatt ein trøblete vinter med mykje sjukdom, men stille eit godt mannskap sjølv om spelarar som Joakim Kjærstad, Henning Koppen, Denis Sjåstad og Magnus Seth alle er ute med sjukdom.

Trenar Stig Johansen er frisk og har sendt oss følgjande ord: Onsdag møter vi Tomrefjord (4. div.) til årets første treningskamp. Det har vært en vanskelig oppkjøring til sesongen så langt. Vi har hatt mye sykdom i troppen, noe som har ført til at vi har hatt få spillere tilgjengelig på trening. Vi er derfor på etterskudd i forhold til oppkjøringen til sesongen i 2015. Kampen mot Tomrefjord blir faktisk første gang i år vi spiller på stor bane! De som har vært på trening har trent godt, jeg regner derfor med at vi skal bite godt fra oss i kampen! Mange av de etablerte spillerne i 2015 valgte og trappe ned/legge opp/skifte klubb før årets sesong. Hildrestrand, Sundnes x 2, Elling, Tarjei, Mathias har blitt erstattet med ungdommelig pågangsmot, talentfulle spillere med god holdninger som Tor Abelseth, Magnus Seth, Nikolai Jensen, Fredrik Krogsæter, Per-Stian Alvestad og Ole Kristian Aarseth vil prege et ungt Norborg-lag kommende sesong. Generasjonsskiftet er godt igang. Klubben sin fremtid ser lys ut, den starter allerede på onsdag mot Tomrefjord! Jeg håper du tar deg en tur for å støtte “nye” Norborg!

Dommar: Arild Vegsund

Årsmøte 2014

Det har ikke kommet inn noen saker til styret innen fristen den 15.01.15, og Årsmøtet blir dermed avholdt i Uggedalen på klubbhustet torsdag 29.01.15, kl.18.00 med vanlige årsmøtesaker ihht lovnormen.

  • Behandle idrettslagets årsmelding, herunder eventuelle gruppeårsmeldinger.
  • Behandle idrettslagets regnskap i revidert stand.
  • Fastsette medlemskontingent.
  • Vedta idrettslagets budsjett
  • Valg

-Styret-

Rollon er i gong

Treningskamp:

Rollon – Herd2 3-2 (0-1)
Mål Rollon: Torkil Rørvik (2) og Daniel Gjerde

Rollon låg under 0-2, men snudde til 3-2 siger over Herd sine juniorar. Rollon stilte med mange ferske spelarar. Trenar Alexander Löwensprung uttaler til rollon.info at det var ei grei gjennomkjøring.

Norborg G19 sin motstandar i kvalifisering for spel i 1. divisjon, Brattvåg/Ravn G19 tapte siste veke 6-2 for Spjelkavik G19. Norborg G19 spelar treningskamp borte mot Valder i morgon. Ravn/Norborg G16 spelar også treningskamp i morgon. Dei møter Spjelkavik kl. 19 på Uggedal KGB.

Terminlistemøte 4. divisjon: siste runde flytta til laurdag

Torsdag kveld vart det halde terminlistemøte for 4. divisjon. Norborg hadde fått gjort unna sine ønsker før møtet og kunne stort sett ta livet med ro. Endringane frå den opprinnelege terminlista frå SFK er som følger:

Vigra innfridde Norborg sitt ønske om å flytte kampen bort frå Kristi Himmelfartsdag til tysdag 12. mai kl. 1830 på Rota stadion. Ørsta og Norborg gjorde “hestehandel” slik at Norborg innfridde Ørsta sitt ønske om å spele fredag 22. mai i staden for torsdag 21. Kampen går i Uggedalen kl. 19. Ørsta innfridde Norborg sitt ønske om å spele onsdag 16. september i staden for torsdag 17. Kampane mot Larsnes/Gursken blir spelt kl. 19 i staden for 1830.

På sjølve møtet vart det avgjort at siste runde blir flytta frå torsdag til laurdag 24. oktober kl. 15. Norborg ville ha denne kampen kl. 14 for å unngå ein mogeleg kollisjon med Liverpool-kamp kl. 16, men vart nedstemt. Cry

http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=143526

4. divisjon: Norborg oddsfavoritt

Nordicbet har kome med odds for 4. divisjon Sunnmøre og held for augenblinken Norborg som favoritt til å ta 1. plassen. Hardtsatsande Emblem er nr. 2, med vår nedrykkskollega frå 3. divisjon Larsnes/Gursken som 3. rangert.

Oddsen er som følger:
Norborg 3,00
Emblem 3,50
Larsnes/Gursken 6,50
FK Sykkylven 9,00
Valder 15,00
Vigra 15,00
Hareid 15,00
Rollon 15,00
Ørsta 15,00
Langevåg 19,00
Godøy 25,00
Vartdal 50,00

Kvalifisering til 1. divisjon

Sunnmøre fotballkrets har i dag kome med kampoppsettet for kvalifiseringa til 1. divisjon for G19 og G16. Kampane spelast normalt i Sparebanken Møre Arena (Sunnmørshallen).

Norborg G19:
søndag 25. januar kl. 1345 Norborg – Hødd
søndag 1. februar kl. 1520 Volda – Norborg
torsdag 5. februar kl. 1830 Brattvåg/Ravn – Norborg (spelast i Brattvåg)
søndag 15. februar kl. 1210 Norborg – FK Sykkylven

http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=143500

Ravn/Norborg G16:
laurdag 24. januar kl. 1315 Ravn/Norborg – Langevåg
laurdag 31. januar kl. 1920 Aksla – Norborg
laurdag 14. februar kl. 1315 Ravn/Norborg – Hareid

http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=143496

G16 starta opp med trening og foreldremøte i Uggedalen i kveld. Trenarane Birger Risvig Hansen og Preben Austnes Lorgen var særs nøgd med kvaliteten på treninga og meinar at dette kan bli eit supert lag.