Få lyspunkt då Norborg fekk bank!

Norborg – Tomrefjord 2-9 (1-2)
Treningskamp, Uggedal KGB, 17.02.2016

Sjansar: 5-14

0-1 Daniel Sundet (str. 3)
1-1 Hans Edvard Nordang (30) – frispark via stolpen og inn.
1-2 Ken Robin Hildre (31)
1-3 Erlend Søberg (53)
1-4 Kenneth Eik Frostad (55)
1-5 Ken Robin Hildre (59)
1-6 Ken Robin Hildre (63)
1-7 Jørgen Gravdehaug (66)
1-8 Erlend Søberg (78)
1-9 Michael Fagervoll (81)
2-9 Ole-Kristian Aarseth (84) – velplassert skot frå 18 meter.

Tomrefjord fekk lett kamp i Uggedalen onsdag kveld. Etter ein ganske jamspelt 1. omgang sprang Tomrefjord heimelaget i senk og viste samstundes høg effektivitet då dei hamra inn sju mål i 2. omgang. Norborg mangla balltempo, var sløve i presset og hadde stor avstand mellom lagdelane. Kort fortalt ein elendeg kamp av dei oransje mot kvikke romsdalingar.
Read More
Første treningskamp for året. Spelarane skal yre av speleglede og springe som kalver når dei slepp ut av fjøset. Slik opptrådde Tomrefjord, medan Norborg viste alt anna enn det.

Det nyopprykka 4. divisjonslaget var på hogget frå start av og i det vi passerte to minutt fann Steffen Grytten ut at han ville klippe ned ein tomrefjording. Soleklar straffe som Daniel Sundet sette sikkert i mål. Tomrefjord var det beste laget og skapte nokre farlege sjansar, men Geir Roar Gamlem haldt stand. Norborg spelte med lågt tempo på ballen og tok ikkje vare på dei romma som oppstod. Til det gjekk vendinga av spelet altfor treigt. Likevel greidde ein å etablere eit lite trykk på gjestane midtvegs i omgangen. Pedro Silva fekk den største sjansen, men upressa avslutta han eit godt stykke utanfor mål. Norborg skulle likevel utlikne då Hans Edvard Nordang sette eit frispark i mål via stolpen. Tomrefjord slo raskt tilbake og utnytta at keeper Geir Roar Gamlem prøvde seg på ei frekk finte som bakarste mann. Forsvaret sprang av ukjente årsaker inn på strek i staden for å hjelpe ein keeper i naud og Ken Robin Hildre fekk det lett med å sette ballen i mål. Tomrefjord fekk også ein stor sjanse til å auke like før pause då ein Norborg-spelar låg nede med skade framfor eige mål. Men tomrefjordingen stod å vurderte om han skulle vise god sportsånd eller sette ballen i mål. Det enda med ein mellomting og keeper Gamlem redda det halvhjerta forsøket. Dermed 1-2 til pause.

Vi hadde eit håp om at Norborg skulle vise betre takter etter pause, men det vart med håpet. Tomrefjord fekk fritt spelerom og kjørte over stakkars heimespelarar. Gong på gong fekk dei bryte inne på Norborg sin halvdel å kjøre kontringar. Det var ein total kollektiv kollaps av Norborg. Måla rann inn og Tomrefjord låg etter kvart an til tosiffra, men heldigvis stoppa det på 9 mål og Ellingsøy er stadig det einaste laget som har nådd tosiffra i ein bortekamp mot Norborg etter det vi kan huske. Ole-Kristian Aarseth fekk æra av å sette inn det siste målet då han fekk til eit velplassert skot frå 18 meter.

Det vart stygge siffer for Norborg, men vi får håpe dette var ein vekker. Mange undervurderte nok Tomrefjord og fekk ikkje opp innsatsen, andre har eit særs dårleg treningsgrunnlag, og i tillegg hadde nok lagsamansetninga vore annleis om det stod om poeng. Norborg har likevel mykje å jobbe med den komande månaden fram til cupkampen mot Spjelkavik. Først og fremst må ein få på plass den defensive strukturen. Mål skal Norborg alltids greie å score.

Tor Abelseth fekk sin A-debut i denne kampen. Han gjorde ein god 1. omgang då laget hang nokonlunde i saman. Det er i alle fall liten tvil om talentet til guten frå Ørskog.

Neste oppsatte treningskamp er heime mot Valder 2. mars kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Tore Fjørtoft, Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang, Steffen Grytten (Krogsæter, 83) – Ole Johan Urke (Per-Stian Alvestad, 67), Christian Sæther (Pedro, 83), Ole-Kristian Aarseth, Fredrik Krogsæter (Nikolai Jensen, 46) – Kristoffer Søviknes (Joakim Roald, 46), Pedro Silva (Tarjei Urkedal, 46).

Dommar: Arild Vegsund