Eksamensutfordringar for Norborg

Fleire av Norborg/BIL2 sine spelarar har kome opp i muntleg eksamen på fredag og blir ikkje å sjå på Hovdebygda stadion torsdag kveld. Det er sjølvsagt ei skandale at eksamenslesing blir prioritert framfor 5. divisjonsfotball, men slik er dagens ungdom.

Magnus Austbø Seth, Nikolai Jensen, Vidar Nilsen Rogne og Tobias Vatle Faksvåg er oppteken med eksamen. André Larsen har reist på fjelltur, medan Jonas Holmeset har reist til syden. Tarjei Urkedal og Anders Toven prioriterer jobb. Per-Stian Alvestad og Gard Rogne er tilbake etter seine forfall sist. Gledeleg er det også å sjå Matias Vatneødegård tilbake i troppen for første gong sidan han var banens beste i 3-1 sigeren over Hareid i siste seriekamp i fjor. Så er det duka for to andre overraskingar. Trenarteamet Kristian Søviknes og Øyvind Sundnes har nemleg tatt med seg sjølve i 15-mannstroppen.

Likevel, Norborg stiller med både ein god 11-ar og ein god benk. Det må også til når ein skal ut i ein vanskeleg bortekamp mot Hovdebygda. Eit lag som scorar mykje mål og er gode heime.

Dommar: Ole Petter Stenberg (Sunnylven)
Assistentar: Bjørn Bakkom (Ørsta) og Dagfinn Tjervåg (Hasundgot)

5. divisjon runde 9

Vårsesongen nærmar seg slutten, og det som lenge var ein jamn divisjon, har no verkeleg slått sprekker. Blindheim har stukke frå i front, seks lag ligg temmeleg tett i kampen om 2. plassen, medan det har skilt seg ut fem lag i botnen. To av dei ventar framleis på sin første siger. Vi trur begge botnlaga kan ta sin første siger denne runda, som spelast torsdag.
Les meir →

Norborg drog i land tre poeng

Norborg/Brattvåg2 tok ein viktig 3-2 siger over Langevåg på Uggedal stadion torsdag kveld. Heimelaget var best før pause og kunne gå til pause med 3-1 leiing etter at Langevåg scora først. Etter kvila fekk vi sjå ein rotete omgang der Langevåg var hakket best. Etter ei tidleg redusering verka Norborg å ha kontroll defensivt, men i løpet av sluttminutta var gjestane nær utlikning ved tre høve. Heldigvis fekk keeper og forsvar rydda unna så poenga vart verande i Uggedalen. Magnus Austbø Seth (2) og Elling Mikal Kalvø scora Norborg sine mål.
Les meir.. 

Jensen tilbake frå skade

Nikolai Jensen (18) har vore satt ut av spel sidan påska med eit trøyttleiksbrot i foten. I midten av mai fjerna han gipsen og har sidan vore til opptrening. No er endeleg dagen komen der han er med i kamptroppen for første gong i årets 5. divisjon. – Nikolai er aktuell frå start i kveldens kamp mot Langevåg, seier trenar Søviknes om sin treningsivrige spelar.

5. divisjon: runde 8

Vi har nådd 8. serierunde i 5. divisjon og Blindheim har fått eit forsprang det ser vanskeleg ut å tette for dei andre laga. Kampen om 2. plassen er derimot særs jamn. I denne runda møtes dei to favorittane til denne eine plassen, samt dei to fremste utfordrarane.
Les meir →

Tamt av Norborg

Norborg/Brattvåg2 leverte ei trist framsyning på Skodje stadion torsdag kveld og tapte 3-1. Etter ein mållaus 1. omgang der Norborg var hakket best, fekk vi sjå ei heilt anna innstilling av Skodje sine spelarar etter pause. Heimelaget ville ha tre poeng, og trykte til i duellane mot eit puslete Norborg-lag. Eivind Erstad sette inn 1-0 på straffe fem minutt ut i 2. omgang før han dobla leiinga på ei heading etter corner tre minutt seinare. Per-Stian Alvestad gav spenning i kampen med si scoring tolv minutt før slutt. Skodje nytta dei åtte overtidsminutta best og auka leiinga til 3-1 då Leander Sortehaug heada inn eit frispark. Norborg mangla ein del rutinerte spelarar i denne kampen, men på papiret så stilte ein med eit lag som skulle ha levert langt betre enn det vi fekk sjå. Mange personlege feil, dårleg samhandling og svakt duellspel. Vinnarvilja må opp til neste kamp mot Langevåg.
Les meir..

Bortekamp mot Skodje torsdag kl. 1830

Årets kortaste utflukt tek stad på torsdag når vi tek turen til Skodje. Begge laga har fått ein bra start på sesongen så dette blir ein skikkeleg toppkamp mellom nr. 2 og 3 på tabellen.

Norborg må gjere eit par endringar til denne kampen. Kristoffer Søviknes og Ruben Holmeset er ikkje med, medan Tarjei Urkedal, Magnus Jenssen og Jonas Holmeset er tilbake.

Skodje kjem frå ein oppløftande bortesiger over Herd2 etter at dei måtte sjå seg slått 0-5 heime for Guard runda før. Viktige Eivind Erstad var tilbake frå skade før sist kamp, og er den Norborg må sjå mest opp for.

Norborg har tidlegare hatt eit godt tak på Skodje. Etter årtusenskiftet har laga spelt i same divisjon tre gongar. På Skodje stadion har det enda med to sigrar til Norborg og ein uavgjort. Laga spelte også treningskamp i vinter. Den vann Norborg 4-1.

2012: Skodje – Norborg 2-4
2013: Skodje – Norborg 0-5
2016: Skodje – Norborg 1-1

Dommar: Jonny Dyb (Giske)
Assistentar: Matz Vik Giske (Herd) og Harald Ullahamar (Ellingsøy)

Comeback-gutta sørga for siger!

Det var “gamlekara” som sørga for måla då Norborg/Brattvåg2 vann 3-0 over Ellingsøy på Uggedal stadion torsdag kveld. Elling Mikal Kalvø, André Larsen og Kjell Terje Brusdal har alle gjort comeback på A-laget i år, og samtlege markerte seg i kveld med mål. Brusdal fekk sette inn 3-0 målet på straffe og avslutta dermed si måltørke på 193 A-kampar for Norborg. Vertane tok leiinga før to minutt var spelt då Elling Mikal Kalvø fekk tuppa ballen opp i nettaket etter ein corner. Norborg pressa på det neste kvarteret og kom seg til nokre gode sjansar utan resultat. Kampen gjekk so inn i ei blindgate med svak fotball frå begge lag. Norborg hadde god kontroll defensivt, men burde skapt meir offensivt. Minuttet før ordinær tid roa André Larsen nervane då han runda keeper og sette ballen i tomt mål. På overtid vart Ruben Holmeset felt av keeper og kaptein Brusdal fekk sette inn sitt første mål i den oransje trøya.
Les meir..

Norborg med utfordringar før torsdagens heimekamp


Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kl. 1830 imot Ellingsøy til årets første graskamp i Uggedalen. Heimelaget har vore i god form den siste tida og har krabba seg opp på ein 2. plass, men før kampen mot Ellingsøy har laget utfordringar. – Ja, vi kan kome til å mangle ein del spelarar i denne kampen, men eg kan love at vi stiller med 11 mann, seier trenar Kristian Søviknes.
Les meir →