Ny siger over Blindheim


Norborg/Brattvåg2 sleit seg til ein 4-2 siger over Blindheim på Uggedal stadion torsdag kveld. Norborg har verken scora eller fått mål imot på cornere dei første tolv kampane, men mot Blindheim var det nettopp på cornere ein la grunnlaget for siger. Både 1-0 og 3-0 kom etter gode cornertrekk og vart satt i mål av Nikolai Jensen og Tor Abelseth. Imellom der hadde Ole Johan Urke testa skotfoten å gjort 2-0. Norborg var det beste laget før pause, men mangla konsentrasjon inn mot pause og mista ballen på ei mislykka dribling framfor eigen 16-meter. Blindheim takka for tabba og Jens Kristian Dybdal reduserte til 3-1. Etter pause var Blindheim i lange periodar det førande laget. Joakim Haugen skapte ny spenning med sin skotfot eit kvarter før slutt, men Per Kristian Helle Hildre roa nervane til dei oransje med å punktere kampen nokre minutt før slutt. -Deilig å få ein tre poenger igjen. Syns vi gjer ein god første omgang og leiar særs fortent. I andre omgang så får vi ikkje opp det same offensive trykket og Blindheim kjøre opp mykje folk og fysikk. Litt hektisk i nokren minutt, men all ære til spelarane for måten dei greie å løyse det og roe ned gjestepresset på, sa trenar Kristian Søviknes.
Les meir..

Heimekamp mot Blindheim torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Blindheim på Uggedal stadion. Første haustkamp enda med eit knepent tap for Larsnes/Gursken. Kveldens kamp er særs viktig med tanke på å unngå botnstrid. Blindheim spelar «cupkamp» kvar veke framover hausten. Norborg må sørge for å unngå dette med å snarast skaffe seg dei 27 poenga som vi trur garanterer plass i neste års 4. divisjon.

Magnus Austbø Seth er den einaste spelaren vi har mista etter vårsesongen. Det er sjølvsagt ikkje berre berre å erstatte han, men som lag skal vi vere gode nok til å plukke poeng utøver hausten. Ådne Hellandsvik, Ruben Holmeset og Jonas Holmeset blir alle med denne hausten ettersom dei har starta på skule i Ålesund. Jesper Vos vart skada på Øyacup og er ute i 4-6 veker. Kjell Terje Brusdal og Siver Davik er tilbake i troppen etter å ha stått over mot GuLars.

Blindheim har fått eit tøft møte med 4. divisjon etter opprykket i fjor. Dei har fortsatt til gode å vinne og står med fattige 3 poeng. Henning Hareide og Jens Kristian Dybdal er toppscorarar med 2 mål kvar for eit lag som berre har scora 9 mål på 12 kampar.

Vi held heimelaget som favorittar, men kampen i vår var jamn og Blindheim tok poeng mot SIF/Hessa sist veke. Så noko enkel oppgåve blir det ikkje. Norborg har elles eit godt tak på Blindheim med fem strake sigrar.

Dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder)
Assistentar: Joachim Killingmo (Spjelkavik) og Zenun Murati (Giske)

 

Fair Play: Volda på topp!

Volda toppar fair play-tabellen når vårsesongen er gjennomført i 4. divisjon. På dei 11 kampane har dei berre fått 9 gule kort. Det er to mindre enn Norborg/Brattvåg2, som innehar 2. plassen sjølv om ein har fått eitt raudt kort. Sist på denne tabellen finn vi Larsnes/Gursken, som har fått heile 25 gule og 1 raudt kort. Flest raude kort har Bergsøy og Hareid fått med tre kvar.

Abelseth og Seth har spelt mest

Tor Abelseth og Magnus Austbø Seth har flest minutt på bana for Norborg/Brattvåg2 i vårsesongen. Totalt har 32 spelarar kome på bana i dei 11 kampane. For dei som er interessert i å vete kor stor andel Brattvåg A-spelarar har blitt nytta så er dette talet 1,65 spelarar i snitt pr. kamp. Patrik Hjelmseth er den som har spelt mest av desse med 398 minutt fordelt på 5 kampar. Neydson Da Silva har 360 minutt på 4 kampar.

Dei 16 mest nytta spelarane:

Best etter pause

Norborg/Brattvåg2 er saman med Bergsøy 4. divisjon sitt beste lag etter pause. Begge lag har vunne sju andre omgangar, spelt ein uavgjort og tapt tre, men Norborg/Brattvåg2 har betre målskilnad. I andre enden finn vi Blindheim. Dei har ein uavgjort og ti tap når vi ser på 2. omgang separat.

Les meir

4. divisjon: Yngst i 10 av 11 kampar

Norborg/Brattvåg2 har hatt det yngste laget i 10 av 11 kampar. Berre i siste vårkamp mot Hødd2 møtte ein eit yngre lag. Då hadde Hødd2 ein snittalder på 19,94 år, medan Norborg/BIL2 stilte sitt eldste lag for sesongen med 22,86 år i snitt. Den eldste motstanderen til Norborg/BIL2 var Bergsøy med 26,5 i snitt, medan Valder hadde 25,38. Snittalderen for divisjonen er 23,8 år i kampene mot Norborg/BIL2. (Fjorårets 5. divisjon var 24,6). Snittalderen for Norborg/Brattvåg2 er 22,2 i år mot 23,68 år i fjor.

LagSnittalder
Hødd219,94
Norborg/BIL222,20
Hareid22,91
SIF/Hessa23,38
Ørsta23,69
Volda23,75
Rollon24,03
Blindheim24,15
Emblem24,75
Larsnes/Gursken24,93
Valder25,38
Bergsøy26,50