Norborg/Brattvåg2 gjekk på ein smell og tapte heile 4-1 i bortemøtet med Rollon. Heimelaget fekk ein pangstart med tre mål dei første 21 minutta. Eit tidleg straffemål i 2. omgang punkterte kampen for godt. Per Kristian Helle Hildre gav Norborg eit trøystemål like før slutt då han heada inn eit legg frå Per Kristian Grytten Søvik. Det målet sørga i alle fall at ein stadig har plussmål (33-32). Om våre egne resultat ikkje går vegen om dagen så går dei andre resultata vår veg. Ørsta og Hareid spelte 2-2 og er fire og seks poeng bak på tabellen. Emblem tapte 0-2 for Bergsøy og er to poeng bak. Volda vann 4-0 over Hødd2 og held følge med Bergsøy i toppen.
- – Vi gjer ikkje det vi avtalte å gjere defensivt i 1. omgang. Vi har 5 store sjansar, men det er trøstesløst når vi forsvarer oss like spredt som hagleskot og ikkje står opp i duellane. Vi gjer ein godkjent 2. omgang då vi ligg meir samla og kompakt defensivt og også kjem oss til nokre sjansar, seie trenar Kristian Søviknes.
Laget: Sander Arntsen – Per Kristian Grytten Søvik, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Nikolai Jensen (Anders Toven, 46) – Gard Rogne (Tobias Jensen, 70), Ådne Hellandsvik – Ole Johan Urke (Jonas Holmeset, 46), Jesper Vos (Siver Davik, 46), Thomas Aarsund (Eirik Vågnes, 46) – Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 46).