Norborg/Brattvåg2 – Emblem 1-2 (1-2)

Norborg/Brattvåg2 – Emblem 1-2 (1-2)
4. divisjon, Uggedal KGB, 12.09.2019

Sjansar: 6-3
Cornere: 4-1
Avslutningar på mål: 5-3
Avslutningar utanfor: 11-2
Avslutningar blokkert: 1-1

0-1 Didrik Fløtre (13)
0-2 Didrik Fløtre (16)
1-2 Joakim Barstad (33)

Didrik Fløtre vart helten for Emblem då han senka Norborg/Brattvåg2 med to mål det første kvarteret. Joakim Barstad reduserte eit kvarter seinare, men trass eit spelemessig overtak kom aldri Norborg nærare poeng.

Norborg var klare favorittar mot eit svekka Emblem og tok også tak i kampen mot eit gjestelag som gjekk defensivt ut trass spel i medvind. Både Niklas Rekdal og Joakim Barstad kom seg til gode sjansar for heimelaget, men fekk ikkje ballen i nota. På Emblem spelar ein som tidleg i karrieren var ein storscorar, men som har slete framfor kassa dei siste sesongane. Denne kvelden vakna storscoraren Didrik Fløtre igjen. Først fekk han ballen så vidt over streken før Per Kristian Grytten Søvik desperat prøvde å klarere for berre å treffe stolpen så den gjekk kontant i nota. Tre minutt seinare testa Fløtre skotfoten frå 30 meter. Ballen fauk over keeper Arntsen og duppa ned under tverra til 0-2. To skot og to mål på tre minutt.

Norborg fortsette å ha mykje ballen, men verka desorienterte etter desse to slaga i andletet. Ballen gjekk på kryss og tvers på midtbana mot eit Emblem som låg godt organisert på eigen halvdel. I det 33. minutt skulle ein likevel greie å finne ei opning. Gard Rogne fann Per Kristian Grytten Søvik ute på venstrekanten, han fann Joakim Barstad på 15 meter som sette ballen hardt til side for keeper. Barstad fekk også sjansen til å utlikne like før pause, men headinga på det gode legget til Marius Fylling Rogne vart stoppa av ein god gjestekeeper Alexandru Ionut Barboiu. Dermed stod det flatterande resultatet 1-2 seg til pause.

Norborg fortsette å ha mykje ball etter pause, men balltempoet var altfor lågt til at ein greidde å skape så mange opplagte sjansar. Eit skot frå Marius Fylling Rogne og ein påfølgjande retur som Ole Johan Urke også sette på keeper, samt eit skot over frå god posisjon av Thomas Aarsund var behaldninga. Emblem kom seg til ein sjanse eit kvarter før slutt, men var stort sett ikkje interessert i å spele fotball i denne omgangen. Vi har vel aldri før sett nokon så dyktig til i å drive destruktiv fotball på dette nivået. Rett og slett nær perfekt og det ga tre sårt tre trengte poeng. Det einaste skåret i gleda for Emblem var ei utvisning av Petter Nesset fem minutt før slutt, samt bortvisning av trenar Sindre Knutsen nokre minutt før. Det morsomste i denne omgangen var då Emblem ropte at dei skulle legge om til 4-5-1 etter at Nesset vart utvist. For Norborg så føltes det vel som Emblem hadde ein ekstra mann på bana før utvisninga, men vi får satse på at dommar hadde kontroll på kor mange som var utpå. Kontroll på tilleggsminutta hadde han derimot ikkje. Tre minutt i ein omgang der Emblem hadde drøyd tid frå første minutt var minst tre for lite, men slik Norborg opptrådde så kunne ein nok ha haldt på heile kvelden utan å få mål.

Norborg står med ein fattig siger på dei 6 siste kampane. Ser vi bort frå 1-4 tapet for Bergsøy så har dei andre fire tapa vore med eitt mål. Ein treng ikkje å gjere noko revolusjonerande, men litt meir temposkifte og presisjon er ønskeleg. Det blir litt for mange ballberøringer på enkelte spelarar til at ein greier å skape ubalanse hos motstandar. Vi gir Marius Fylling Rogne prisen for beste heimespelar. Han gjekk på mange løp frå sin høgrebackposisjon og skapte tre av dei seks sjansane Norborg hadde.

Neste kamp er borte mot Rollon 20. september. Vi satsar på ein betre prestasjon då.

Laget: Sander Arntsen – Per Kristian Grytten Søvik, Nikolai Jensen, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne – Emil Solnørdal (Kjell Terje Brusdal, 62), Gard Rogne, Niklas Rekdal (Jesper Vos, 62) – Thomas Aarsund, Joakim Barstad (Ole Johan Urke, 62), Ådne Hellandsvik.