Valder – Norborg/Brattvåg2 3-2 (1-0)
4. divisjon, Valdervoll KGB, 05.09.2019
Sjansar: 7-4
Cornere: 5-3
Avslutningar på mål: 4-5
Avslutningar utanfor: 8-4
Blokkerte avslutningar: 1-4
1-0 Sondre Bjørdal Roald (11)
1-1 Thomas Aarsund (56)
1-2 Anders Toven (61)
2-2 Jonathan Mulelid (66)
3-2 Andreas Kvam (92)
-Vi er ikkje betre enn det vi greier å prestere. For tiden så er ikkje prestasjonane gode nok for å plukke poeng i 4. divisjon. Ikkje presterer vi, ikkje presterer dommaren på eit godt nivå og i tillegg så har Valder marginane med seg, så summen blir brutal, sa ein skuffa trenar Kristian Søviknes.
Norborg/Brattvåg2 kom sjeldan opp på normalt nivå mot Valder. Eit godt organisert Valder-lag får ta noko av skylda, men dårleg konsentrasjon og laber innsats må ta det meste av skylda. Altfor ofte vart pasninga på siste tredjedelen for upresis mot stilleståande spelarar. 1. omgang var kort sagt keisam, nokre forsøk hadde begge lag, men det var langt mellom dei store høgdepunkta.
Valder tok føringa dryge 10 minutt ut i kampen. Målet kom ut av ingenting. Keeper Olsen hadde ballen og slo den mot Brusdal, men som mange av pasningane denne kvelden vart den tjue centimeter feil og ballen gjekk til Sondre Roald ute på høgresida, han tok den med seg nokre meter mot kortlinja og sendte av garde eit legg som gjekk over keeper og ned i mål.
Ingen av laga greidde å skape noko godt etablert spel, men Valder sine kvikke angrepsspelarar, spesielt Andreas Kvam, gjorde at Norborg sitt forsvar måtte vere på tå hev. Offensivt greidde heller ikkje Norborg å skape det heilt store sett bort frå då Thomas Aarsund fekk ein stikkar i bakrom, men måtte sjå avslutninga bli redda til corner. 1-0 stod seg dermed til pause.
Fem minutt ut i 2. omgang burde Valder ha dobla leiinga, men Sondre Bjørdal si avslutning var ikkje like heldig denne gong som før pause og forsøket gjekk utanfor. Norborg løfta seg etter dette og kom inn i sin beste periode av kampen og scora to mål på fem minutt. Først heada Ole Johan Urke ballen ned til Thomas Aarsund som klinka den mellom beina på keeper og i mål. Så setter Anders Toven inn 1-2 etter at Jesper Vos stussa ballen inn framfor mål etter corner. Norborg var på gong, men det gode spelet vart kortvarig. Valder løfta seg og fem minutt seinare klinka Jonathan Mulelid inn utlikninga. 2-2, eit resultat som såg ut til å stå seg kampen ut.
Nær to minutt på overtid fekk heimelaget eit frispark Norborg fann urimeleg. Frå 27 meter lada Andreas Kvam skotfoten, ballen fekk ein vanskeleg dupp for keeper Olsen og går i mål til 3-2 og eit bittert tap for dei oransje. – Vi har sett situasjonen i reprise og det var slettes ikkje noko frispark. Så korleis dommaren kunne gi frispark i den situasjonen og ikkje straffespark til Gard Rogne tidlegare i omgangen er kort sagt elendig dømming og kosta oss poeng, sa trenar Søviknes då han hadde fått sett kampen i reprise.
Neste oppgåve er heime mot Emblem torsdag kl. 1825.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Anders Toven, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne – Ådne Hellandsvik, Nikolai Jensen, Gard Rogne – Ole Johan Urke (Per Kristian Helle Hildre, 66), Thomas Aarsund, Fredrik Hurlen (Jesper Vos, 46).