Fylkesserie i 4. divisjon?

Sunnmøre fotballkrets har kome med følgjande pressemelding:
På Forbundstinget tidlegare i år vart det fremma forslag om å redusere antall lag som rykker ned frå 3. divisjon til 4. divisjon frå 4 til 3 lag i kvar avdeling. Dette er noko dei fleste er samde om. Spørsmålet er då korleis ein skal frå redusert antall lag som rykker opp frå 4. divisjon? 

Eit utval som vart satt ned har kome fram til to alternativ:
  1. Antall 4. div. avdelinger blir redusert frå dagens 24 til 18. Det betyr at Sunnmøre slåast saman med Nordmøre og Romsdal til ein fylkesserie. Vinnaren rykker direkte opp.
  2. Antall 4. div. avdelinger blir som i dag, men avdelingsvinnarane spelar kvalifisering om opprykk. Det opprettast seks kvaliferingspuljer à fire lag der tre av laga rykker opp. Vinnaren på Sunnmøre skal då spele kvalifisering mot vinnaren i Nordmøre og Romsdal og dei to avdelingsvinnarane i Trøndelag om tre ledige plassar.

Desse to forslaga er sendt ut på høring til krinsane og alle klubbane på nivå fire og fem (3. og 4. divisjon menn). Frist for høringen er satt til 7. september. Styret i Sunnmøre Fotballkrets vil behandle spørsmålet på neste styremøte som allerede er førstkommende måndag.

Korleis påverkar dette Norborg? Dersom alternativ 1 blir tilfelle, så blir det eit nytt nedrykksras frå 4. og 5. divisjon i 2019. Truleg blir det då også fremma forslag om å redusere 6. divisjon frå 3 til 1 avdeling og opprette ein 7. divisjon med 2 avdelingar (eller 3 avdelingar alt etter kor mange som melder på lag). Det blir dermed ein hard kamp om ståplassane i alle sunnmørsdivisjonane. Blir alternativ 2 tilfelle, så vil det berre påverke sjølve vinnaren av 4. divisjon, samt laga i 4. og 5. divisjon som ligg utsett til nede på tabellen om Sunnmøre sin 4. divisjonsvinnar skulle tape kvalifiseringsgruppa si.

Ein 4. divisjon Møre og Romsdal i 2020 kan kanskje sjå slik ut: AaFK2, Bergsøy, Emblem, Volda, Rollon, SIF/Hessa, Sunndal, Eide, Surnadal, Tomrefjord, Åndalsnes og Kristiansund FK.

5. divisjon Sunnmøre 2020 kan sjå slik ut: Ørsta, Valder, Larsnes/Gursken, Hareid, Godøy, FK Sykkylven, Blindheim, Norborg/BIL2, Skodje, Langevåg, Stranda og Aksla.

Absolutt interessante divisjonar sportsleg sett, men så spørs det om endå ei spissing er vegen å gå i breiddefotballen om ein ønsker at flest mogeleg skal ha tid til å spele fotball? Debatten går på Lokalfotballen Sunnmøre si facebookside.

Pynta på målskilnaden!

Kristoffer Søviknes, godt assistert av Ole Johan Urke, la grunnlaget for ein storsiger over Sæbø då han roa nervane på laget med to scoringar på hovudet dei første tjue minutta. Oransjetrøyene var best i alt og kunne med litt meir presisjon i avslutningane vunne langt meir enn 6-0. Ungdomen Vidar Nilsen Rogne kom inn siste timen og scora to mål, medan Tor Abelseth og Tarjei Urkedal scora eitt kvar.
Les meir..

Andre kampar:
Blindheim – Guard 7-0
Skodje – Langevåg 1-1
Ellingsøy – Hovdebygda 2-0
Volda2 – Herd2 2-0
Fjørtoft – Stranda 1-0
Tabell

Heimekamp mot Sæbø torsdag kl. 1830


Norborg/BIL2 tek torsdag imot Sæbø på Uggedal stadion til sin første heimekamp på 2 månader. Dei to bortekampane ein har spelt i denne perioden har totalt enda med 11-0 og 6 poeng. No håper vi at laget tek med seg denne gode forma til Uggedalen der det “berre” vart 4-4 mot Stranda sist gong. Det var ein kamp vi i utgangspunktet ikkje var nøgd med berre eitt poeng, men når ein kom under 0-4 i det 50. minutt så vart vi likevel sjeleglade for det eine vi fekk.
Les meir

Fylling Rogne tilbake i Norborg

Marius Fylling Rogne (25) er tilbake i Norborg etter å ha meldt overgong frå Trondheimsklubben Astor. Marius spelte også for Norborg i perioden juni til august i 2011 og fekk med seg 12 kampar. Han har sidan den gong spelt i moderklubb Brattvåg, Skodje og altså no sist Astor. Marius er ein fotballklok spelar som stort sett har spelt høgreback eller høgrekant. Vi ønsker han velkomen tilbake.

Noralf har også vore ute å forsterka sitt 7-er lag. Han har henta Ole Martin Fevåg (20) frå Tingvoll. Vi ønsker han velkomen til Norborg.

Sterk defensiv innsats ga ny siger!

Eitt mål i kvar omgang sørga for ein viktig 2-0 siger i bortekampen mot Herd2. Sjølve kampen var heller svak med to lag som var betre defensivt enn offensivt. Begge lag fekk mange brot på midtbana, men greidde sjeldan å utnytte dette til å skape sjansar. Norborg sine mål kom ved Tarjei Urkedal og Jesper Vos.
Kampreferat

Norborg/Brattvåg2 fekk låne tabelltoppen i eit døgn, men Blindheim tok den tilbake med sin 5-1 siger borte mot Stranda. Dette var Stranda sitt første heimetap for sesongen. Skodje heng også med etter at dei vann 4-3 borte mot Sæbø. Langevåg vann 3-2 over Ellingsøy, medan Volda2 vann 4-2 over Guard. Sist laurdag vann Fjørtoft 3-2 over Hovdebygda og tok sin første siger i 5. divisjon.
Tabell

Siger over FK Sykkylven


Norborg – FK Sykkylven 4-2 (0-2)
Treningskamp, Uggedal stadion, 09.08.2018

Mål: Tor Abelseth (2), Siver Davik og Magnus Austbø Seth.

Laget: Benjamin Rørhus (Ronald Olsen, 60) – Trond Espen Rogne, Kristian Søviknes, Tor Abelseth, Tarjei Urkedal (Siver Davik, 83) -Jonas Holmeset (Lars Mikalsen, 46), Siver Davik (Øyvind Sundnes, 80), Kristoffer Søviknes, Vidar Nilsen Rogne, Gard Rogne (J. Holmeset, 80), Magnus Austbø Seth.

FKS leder 2-0 til pause etter ein rotete omgang av heimelaget. Tor Abelseth reduserer til 1-2 då han står heilt fritt på bakerste å styrer Gard Rogen sitt hjørnespark i lengste kryss. 2-2 kom etter eit bra trykk av heimelaget der Siver Davik plukka opp ein andreball å skyt via ein forsvarer frå tjue meter og i nota. Norborg tok leiinga då Kristoffer Søviknes flikka Vidar Rogne sitt innlegg vidare til Magnus Seth, som sett ballen rolig i mål med ein mann i ryggen. Kampen sitt siste mål skaller Tor Abelseth kontant i nota på bakre etter ein corner av Kristian Søviknes. Flott moral av heimelaget som snur kampen i 2. omgang. Totalt sett ei god treningsøkt igjen mot eit 4. divisjonslag.

Uavgjort mot Midsund

Midsund – Norborg 3-3 (2-1)
Treningskamp, 02.08.2018

2-1 Magnus Austbø Seth
2-2 Kristoffer Søviknes
3-3 Kristoffer Søviknes

Laget: Ronald Søvik Olsen (Benjamin Rørhus, 46) – Lars Mikalsen, Anders Toven, Tor Abelseth, Anders Finnøy – Ole Johan Urke (Jonas Holmeset, 55), Gard Rogne, Kristoffer Søviknes, Vidar Nilsen Rogne –  Magnus Austbø Seth, Kristian Søviknes (Øyvind Sundnes, 67)

Midsund leia 2-0 dryge tjue minutt ut i kampen, men Norborg reduserte før pause etter eit flott angrep med ein-touch kombinasjoner, som vart avslutta av Magnus. Kristoffer utlikna midt i andre omgang då han sette Jonas sitt hjørnespark i mål via tverra. Midsund tok igjen leiinga før Krisstoffer flikka inn eit frispark til 3-3. Midsund var det førande laget i 1. omgang, medan Norborg skapte ein del i 2. omgang og hadde blant anna eit skot i stolpen, samt at Midsund sin sisteskanse gjorde ein del gode redningar. Alt i alt ei flott treningsøkt.

Dommer: Bjarte Steinsbu