Torsdag kl. 1830 er det klart for toppoppgjer i 5. divisjon mellom Blindheim og Norborg/Brattvåg2. Norborg vann oppgjeret i vår med 3-0, men det blir nok tøffare denne gong framfor Blindheim si nye tribune.
Sidan kampen i mai så har begge laga ein del endringar i troppen. Blindheim vil mangle sine to fremste målscorarar frå i vår. Toppscorar Eivind Skovly har flytta og meldt overgong til 4. divisjonslaget Våg, medan Bjørnar Johansen er skada. I tillegg har også Tobias Rotnes Aasen mangla i haust. Inn i troppen har Hans Skovly og Stian Skaar kome. Norborg vil mangle keeper Joakim Kjærstad, Elling Mikal Kalvø, André Larsen, Ådne Hellandsvik og Tobias Vatle Faksvåg. Tre av desse starta i vårens kamp. Frå sist vekes kamp mot Volda2 så ønsker vi Kristoffer Søviknes tilbake frå USA, medan Thomas Aarsund har blitt kvitt sin skade og er klar for kamp.
Norborg har normalt eit godt tak på Blindheim og har vunne dei tre siste seriekampane mot dei utan å sleppe inn mål. Vi håper denne trenden held fram.
Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Daniel Refsnes (Herd) og Kristoffer Nevstad (Aksla)
Les meir

Lars Rimereit (Eidsdal IL) vann tidenes første utgåve av Veten Opp med tida 35 min og 4 sekund. Han var med det 4 minutt og 50 sekund framfor Joachim Olsvik (39.54). Grytastrandaren Stian Driveklepp tok 3. plassen med tida 40.08.



Æresmedlem i Norborg, Helge Sigurd Uggedal, vart sist måndag 70 år ung. I det høve fekk han før kampen på torsdag overrekt blomar av sportsleg leiar Kristoffer Søviknes. Helge har vore medlem av IL Norborg sidan starten av 1962, medlem nr. 2, syns vi å huske han sa for nokre år sidan, og vart i 2002 æresmedlem. For utan å ha spelt 233 A-kampar, har han hatt fleire styreverv, dømd hundrevis av kampar, vore trenar, speaker, revisor, og er den dag i dag aktiv som kampvert på A-laget sine heimekampar. Alltid engasjert, alltid med glimt i auget og eit smil aldri langt unna. Vi takkar for ditt stadige engasjement i Norborg og alltid gode diskusjonar. Gratulerer med overstått dag!