Norborg/Brattvåg2 – Hareid 4-0 (2-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 25.06.2019
Sjansar: 8-3
Cornere: 7-3
Avslutningar på mål: 9-1
Avslutningar utanfor: 8-5
Blokkerte avslutningar: 8-1
1-0 Jesper Vos (19)
2-0 Alexander Jonassen (42)
3-0 Patrik Hjelmseth (50)
4-0 Siver Davik (79)
Med to mål i kvar omgang tok Norborg/Brattvåg2 tre viktige poeng mot Hareid i kveld. Norborg hadde full kontroll på eit gjestelag som knapt hadde eit skot innafor ramma.
Etter nokre kampar utan A-lagsspelarar frå Brattvåg sendte Rene Skovdahl heile tre mann over fjellet til denne kampen då både Elias Mordal, Patrik Hjelmseth og Alexander Jonassen trengte kamptrening. Mordal og Jonassen spelte 45 minutt, medan Hjelmseth fekk lov å spele ein time.
Norborg hadde fram til leiarmålet eit spelemessig overtak mot eit defensivt gjestelag, som likevel var frampå eit par gongar dei første ti minutta på grunn av slurv av heimelaget. Inn mot 1-0 trykte Norborg meir og meir på og i det 19. minutt fann Marius Fylling Rogne sitt innlegg hovudet til Jesper Vos som heada via keeper og i mål.
Hareid løfta laget etter målet og skapte eit par småfarlege situasjonar framfor heimemålet utan at vi kan kalle det klare målsjansar. Det vart ein litt kaotisk omgang fram til Norborg gjorde 2-0 då Gard Rogne tok flott ned ei langpasning frå Kjell Terje Brusdal og vendte opp. Han fann Alexander Jonassen utanfor 16 meteren som haldt Hareid-stopparen unna å klinka ballen i nota like under tverra. Vakkert skot frå det frykta venstrebeinet til Jonassen. Dermed 2-0 til heimelaget like før pause. Norborg var hakket best og leia fortent sjølv om ein ikkje skapte meir enn ei tre gode sjansar i tillegg til nokre skot utanfor 16. Hareid på si side sleit veldig offensivt.
Hareid gjorde eit forsøk på å kome seg inn i kampen i starten av 2. omgang, men vart hardt straffa då Norborg scora på sin første sjanse fem minutt ut i omgangen då Anders Toven sitt frispark frå eigen halvdel som gjekk gjennom feltet til Patrik Hjelmseth som breisida den i mål frå skrått hald. Hjelmseth burde ha auka leiinga like etterpå då han runda keeper, men sette ballen utanfor. Etter dette får vi ein halvtime der lite skjer om vi ser bort frå ein farleg corner som Anders Toven heada utanfor. Norborg hadde god kontroll og Hareid greidde aldri å sette keeper Rørhus på prøve. Dryge ti minutt før slutt fastsette Siver Davik resultatet til 4-0 då han enkelt sette ballen i nota frå fem meter etter at Ole Johan Urke snappa opp ei svak pasning og spelte ut til Magnus Austbø Seth som fann Davik framfor mål. Dette var Siver Davik sitt første seriemål.
Norborg/Brattvåg2 vann fortent mot eit gjestelag som jobba godt defensivt, men hadde særs lite å by på offensivt. Patrik Hjelmseth og Kjell Terje Brusdal var dei beste på heimelaget, saman med elegante Gard Rogne.
Neste kamp er heime mot Hødd2 måndag 1. juli kl. 1830.
Laget: Benjamin Rørhus (Sander Arntsen, 83) – Tor Abelseth, Kjell Terje Brusdal, Elias Mordal (Anders Toven, 46), Marius Fylling Rogne (Tobias Jensen, 83) – Gard Rogne, Nikolai Jensen (Ådne Hellandsvik, 83), Jesper Vos (Siver Davik, 76) – Mangus Austbø Seth, Alexander Jonassen (Ole Johan Urke, 46), Patrik Hjelmseth (Fredrik Hurlen, 62).