Bortekamp mot topplaget!

Norborg/Brattvåg2 tek fredag turen til Volda for å møte divisjonens beste lag. Volda har fått ein særs god start på sesongen med 7 sigrar og 1 uavgjort på dei 8 kampane.

Norborg/Brattvåg2 må gjere nokre endringar frå kampen mot Ørsta sist. Det gledelege er at ein får tilbake Nikolai Jensen frå karantene, men diverre kan ikkje Ådne Hellandsvik, Magnus Jenssen og Siver Davik spele.

Norborg og Volda har berre sporadisk møtt kvarandre opp gjennom åra, og statistikken er ikkje på Norborg si side. Totalt har det blitt 12 møter med 1 siger til Norborg tilbake i 1976, 7 sigrar til Volda og 4 uavgjorte. Målskilnad: 12-36. Heller ikkje bortekampen mot Volda2 enda spesielt godt. Då vann Volda2 med 2-0. Norborg kan altså reise til Volda utan favorittstempel og alt å vinne.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)

Kampstart kl. 1900.