Ellingsøy – Norborg/Brattvåg2 2-9 (0-4)

Ellingsøy – Norborg/Brattvåg2 2-9 (0-4)
5. divisjon, Nes stadion, 20.09.2018

Sjansar: 4-21
Cornere: 0-2

0-1 Magnus Austbø Seth (7)
0-2 Per-Stian Justsen Alvestad (17)
0-3 Magnus Austbø Seth (24)
0-4 Magnus Austbø Seth (45)
0-5 Ruben Grytten Holmeset (55)
0-6 Per-Stian Justsen Alvestad (67)
0-7 Kristoffer Holmeset Søviknes (77)
1-7 Eirik Danielsen (83)
1-8 Kristoffer Holmeset Søviknes (85)
2-8 Eirik Danielsen (89)
2-9 Magnus Austbø Seth (91)

Norborg/BIL2 leika seg til ein ny storsiger då Ellingsøy vart slått under flotte tilhøve på Nes stadion. Magnus Austbø Seth var kampens store spelar med fire mål og tre målgjevande, men sjølv om det vart mange mål både på han og laget, så kunne det med litt marginar blitt langt meir. Dette var Norborg sin sjuande strake siger. Noko som er ny klubbrekord.

Sjukdom og skader både i Norborg- og Brattvåg-leiren førte til nokre endringar på laget til møtet med Ellingsøy. Det var likevel ingen grunn til bekymring, for dei som kom inn leverte varene. Norborg dominerte frå start av og kosa seg mot ein langt treigare motstandar. Gong på gong fekk Norborg gå i bakrom og kome åleine med keeper. At det berre stoppa på ni mål er ei gåte.

Målorgien starta i det 7. minutt då keeper Benjamin Rørhus fann Magnus Austbø Seth i bakrom med eit langt utspel. Seth tok med seg ballen med eit herleg touch og scora sikkert åleine med keeper. Ti minutt seinare starta keeper Rørhus eit nytt angrep etter å ha fanga eit frispark. Han kasta ut til Nikolai Jensen, som spelte inn til Gard Rogne. Han tok med seg ballen inn på Ellingsøy sin halvdel før han spelte den ut til Jesper Vos på høgrekanten. Vos sprang frå forsvaret og kom seg ned til kortlinja før han slo inn framfor mål der Per-Stian Alvestad putta ballen i nota. Ei kontring tatt ut av læreboka. 0-3 kom på ei heading av Seth etter innlegg frå Ole Johan Urke. Norborg fortsette å produsere sjansar dei komande minutta, men inn mot pause kom Ellingsøy meir og meir med og det var litt mot spelets gong då Magnus Austbø Seth drog av to mann og plasserte ballen i nota med eit presist skot frå 16 meter. Dette var det siste som skjedde i 1. omgang og Norborg/BIL2 kunne gå til pause med 4-0 leiing.

Etter pause var det sjansebonanza av dei oransje. Magnus Austbø Seth var tre gongar åleine med keeper utan å score dei første 7-8 minutta av 2. omgang. Den fjerde gongen han kom åleine med keeper hadde han med seg Ruben Holmeset og valde å passe ballen til han. Holmeset fekk dermed ein enkel jobb å sette ballen i det tomme buret. Norborg svidde yttarlegare tre store sjansar før Per-Stian Alvestad heada inn 0-6 etter innlegg av Seth. Kristoffer Søviknes kom inn frå benken og putta 0-7 etter at han og Seth kom åleine med keeper. Seth spelte usjølvisk ballen til Søviknes som scora i det tomme målet.

I sluttminutta greidde ikkje Norborg å halde oppe konsentrasjonen og Ellingsøy fekk pynte på resultatet. Eirik Danielsen sette ballen i nota etter eit frispark til 1-7. Kristoffer Søviknes auka til 1-8 frå kloss hald etter at gard Rogne trefte stolpen. Danielsen reduserte til 2-8 på eit hardt skot frå litt skrått hald før Magnus Austbø Seth fastsette sluttresultatet til 2-9 då han tok med seg ballen frå midtstreken etter eit utspel av keeper Rørhus. Seth sprang frå forsvaret å scora sikkert. Keeper Benjamin Rørhus fekk dermed notert seg for to målgjevande.

Norborg/BIL2 har hittil scora 72 mål og er dermed berre fem bak Norborg sin klubbrekord frå 1992. Då spelte ein for øvreg berre 18 kampar.

Neste kamp er heime mot Skodje torsdag 27. september kl. 1830.

Laget: Benjamin Rørhus – Nikolai Jensen (Lars Mikalsen, 76), Kjell-Terje Brusdal, Anders Toven, Ole Johan Urke – Ruben Holmeset (Markus Hurlen, 76), Tarjei Urkedal Siver Davik, 70), Gard Rogne, Jesper Vos (Matias Vatneødegård, 76) – Per-Stian Alvestad (Kristoffer Søviknes, 76), Magnus Austbø Seth.