Norborg tok sin første siger i haust då Blindheim2 vart sendt heim med 2-0 tap. Begge måla vart scora av Johann Klokk Kjærstad før pause. Les meir..
Tabell
Author Archives: Frode Engeset
Overgongsnytt
Vår toppscorar frå i vår, Robert Dulgheru, tok i sommar til på skule i Kristiansand og har no meldt overgong til 4. divisjonsklubben Vigør. Mohamad Erfan Bahrami som spelte for Norborg i vår har meldt overgong til Melhus. Dei har lag både i 2. 5. og 6. divisjon. Vi ønsker begge lykke til.
Norborg har også fått inn nye spelarar. Sander Rognsø Furstrand (25) og Hallvard Lunde Hofseth (25) har signerte frå Ørskog i august, medan den notoriske målgjeraren Johann Klokk Kjærstad (33) har signert frå Lepsøy. Velkomen skal dei vere.
Kamp mot Vanylven utsett
Bortekampen mot Vanylven som skulle ha vore spelt i kveld er utsett til søndag 25. oktober. Vi tek også med at Hareid2 har trekt laget sitt frå divisjonen.
Vigra vart for sterke
Norborg leia 1-0 til pause etter eit tidleg mål av Niklas Rekdal, men gjestane frå Vigra snudde kampen i 2. omgang etter cornermål av Florian-Ciprian Luli og Preben Meberg før den “gamle” målkongen Kenneth Kjevik fastsette resultatet til 1-3. Meir kjem.
Tabell
Tarjei med jubileumsmål
Tarjei Gjerset Urkedal scora sitt 150. seriemål då Norborg møtte Rollon2 sist onsdag. Totalt med treningskampar og cup så har han 247 mål. Sjølve kampen var inga glede for Norborg som enda med 8-3 tap. Anders Toven og Marius Flem Stavik stod for dei to andre Norborg-måla. Tarjei sitt jubileumsmål kan du sjå her.
Kamp mot Hareid2 utsatt
Kampen mot Hareid2, som skulle ha blitt spelt 18. august, er utsatt til 7. oktober.
G16 ute etter straffekonk mot Sogndal
Etter å ha slått HaNo/Harøy/Lepsøy på straffekonkurranse i 16-delsfinalen i går, vart det i dag tidleg diverre tap på straffekonkurranse for Sogndal etter 0-0 i ordinær tid. Vi gratulerer med ein sterk innsats på Norway Cup.

G16 vidare etter straffedrama
Ravn/Brattvåg/Norborg G16 er vidare til 16-delsfinale på Norway Cup etter å ha slått Haslum 5-4 etter straffesparkkonkurranse i kveld. Lukasz Anuszkiewics (t.h. på biletet – Emil Rørhus t.v.) vart den store helten med sine to strafferedninger. Laget vann alle sine tre kampar i gruppespelet med 2-1 over Nationalkameratene, 3-2 over Rustad/Abildsø og 3-1 over Halsnøy. I 16-delsfinalen venter ein ikkje heilt ukjent motstandar, nemleg HaNo/Harøy/Lepsøy. Kampen spelast torsdag kl. 1515.
Sølv og bronse på Øyacup
Årets Øyacup vart spelt denne laurdagen på Lepsøya der Norborg deltok med både dame- og herrelag. Damelaget spelte seg også i år fram til finalen etter 6-0 over Harøy og 2-1 over Fjørtoft2, men som i fjor vart Lepsøy for sterke i finalen og vann 6-2. HaNo vann bronsefinalen med 2-0 over Fjørtoft2.
Herrelaget måtte nøye seg med bronsefinale etter 1-0 tap for Harøy og 1-0 siger over Fjørtoft i gruppespelet. Sidan Fjørtoft vann 2-0 over Harøy endte alle laga med 3 poeng, men Fjørtoft gjekk til finalen grunna best målskilnad. Norborg vann bronsefinalen med 2-0 over HaNo. Fjørtoft vann herrefinalen med 2-1 over Lepsøy.
Terminlista for hausten har kome
Terminlista for 6. divisjon vart denne veka offentleggjort. Norborg startar med bortekmap mot Hasundgot2 onsdag 12. august, medan første heimekamp blir veka etter mot Hareid2. Ein avsluttar sesongen heime mot Herdd2 28. oktober. Det er også klart at Vartdal har kome inn i divisjonen i staden for Volda3.
Terminlista.

