Norborg – Blindheim2 2-0 (2-0)

Norborg – Blindheim2 2-0 (2-0)
6. divisjon, Uggedal KGB, 16.09.2026

Sjansar: 10-2

1-0 Johann Klokk Kjærstad (20)
2-0 Johann Klokk Kjærstad (42)

Norborg-debutant Johann Klokk Kjærstad vart den store skilnaden på laga med sine to mål før pause. Heimelaget skapte dei fleste sjansane og burde ha vunne med større siffer, men tre poeng var det viktigste etter å ha opna hausten med tre strake tap.

Begge måla kom før pause då Norborg viste tidvis godt spel og styrte kampen. Johann Klokk Kjærstad signerte for Norborg tidlegare i veka frå Lepsøy. Han hadde i Lepsøy godt over eit mål i snitt per kamp og ville ikkje vere noko dårlegare i sin debut for dei oransje. Tjue minutt ut i kampen tok stoppar Tobias Jensen med seg ballen inn på Blindheim2 sin banehalvdel og spelte ut til Niklas Rekdal på høgrekant. Rekdal sitt innlegg fann til slutt Kjærstad som sette ballen i tomt mål etter at bortelaget sin keeper hadde gått i bakken. Gjestane protesterte for angrep på keeper, men dommar let målet stå. Norborg fortsette å produsere sjansar i denne perioden og det var fullt fortent då Kjærstad gjorde eit flott medtak på ei Rekdal-pasning og sette ballen i mål frå 16 meter.

Etter pause var det lenge eit langt meir tafatt heimelag, men ein hadde god kontroll defensivt og mot slutten hadde ein fleire gode sjansar til å auke leiinga utan resultat. Totalt sett ei solid gjennomføring av Norborg.

Neste kamp er borte mot Sula 30. september.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Jonas Holmeset (Lars Mikalsen, 88), Tobias jensen, Anders Toven, Tarjei Urkedal (Anders Urkedal, 87) – Marius Flem Stavik (Ole Johan Urke, 74), William Jenssen Grytten (Sander Furstrand, 86), Thomas Toven (Kai Grytten, 69) – Robert Dulgheru, Johann Klokk Kjærstad, Niklas Rekdal (Fredrik Rogne, 81)