Då Magnus Austbø Seth sette inn 8-0 målet mot Guard sørga han for at Norborg/Brattvåg2 kom inn på den eksklusive lista for klubbar som har nådd minst 100 scora mål i ein sesong. Norborg/Brattvåg2 er det 16. herrelaget på Sunnmøre som har greidd denne bragden. Kvamsøy var det første i 1989. Eit lag som for øvreg også spelte i oransje drakter. Skarbøvik sitt 2. lag har målrekorden med 123 i år 2000.


Norborg hadde torsdag ettermiddag fellestrening for dei aldersbestemte spelarane i klubben. Veret var ikkje det beste, men innsatsen var på topp! Torgeir Finnanger Garshol leia økta saman med gode hjelparar. Trykk på lenka under for bilete.
Kaptein Kjell Terje Brusdal spelte samtlege 22 kampar og var dermed den som spelte mest av totalt 36 nytta spelarar for Norborg/Brattvåg2 i årets 5. divisjon. Storscorar Magnus Austbø Seth spelte alle bortsett frå bortekampen mot Hovdebygda og er ein god nummer to. Gledeleg er det at Tor Abelseth har hatt ein stort sett skadefri sesong og fekk også speletid i 21 av kampane. Abelseth måtte stå over bortekampen mot Ellingsøy grunna sjukdom, og hadde litt småskader før to av kampane og starta dermed på benken i dei. Dermed har 17-åringen Gard Sæterøy Rogne 100 fleire minutt på bana. Rogne har hatt ein god førstesesong for samarbeidslaget. Det skal bli spennande å følge utviklinga. På 5. plass i speletid finn vi hovudmotor Kristoffer Søviknes. Han har hatt ein ny vår som midtbanespelar og har vore betre trent enn på mange år. Det resulterte i heile 15 mål. Noko som er ny rekord for den opprinnelege spissen. Fullstendig liste finn du på lenka nedanfor.
